|
22.02.2002 Perspektiv av Gudmund Skjeldal Det er lov å vera norsk Etter at Norge tok heim også to gull i sprintøvingane, skreiv Frode Nakkim (VG) at nordmennene sin dominans er langrennssportens største problem. Russisk dominans er i alle fall ikkje å føretrekka. Av: Geir Nilsen Pressekonferansen som den russiske OL-komitéen heldt etter "helsesjekken" av Larissa Lazutina, og den påfølgande utestenginga av det russiske damelaget i stafetten i går, må ha vore ei artig oppleving, om ein no har humøret til å sjå det slik. NRK synte glimt av seansen i dag (fredag) - på podiet sat russiske idrettsleiarar og tala i fullt alvor om boikott både av avslutningsseremoni og kommande olympiske leikar. I ryggen hadde dei visst sjølvaste Putin. Journalistar som stilte kritiske spørsmål, eller i det minste naturlege oppfølgingsspørsmål, vart æresskjelte. No må sikkert reaksjonen deira tolkast i ljos av dei diskutable dommaravgjerdslene i kunstløp, i ljos av den knappe sigeren i ishockey over Tsjekkia hin dagen, i ljos av den skrale medaljefangsten til Russland i dette OL. Likevel: Å kreva stafettgull utlevert som erstatning for urett ferd er i beste fall latterleg. I verste fall vitnar reaksjonane om ein grov ukultur. Å påstå at Rostovtsev tapte gullsjansane på 20 km skiskyting fordi han vart uttrekt til "helsesjekk" og testa blodprosenten (russarane meinte han mista verdifullt blod), er for dumt. Å hevda at utelukkinga av det russiske kvinnelaget etter testresultatet av Lazutina sitt blod (for høg hemoglobin-innhald) vitnar om ei samansverging (Julia Tsjepalova til VG 22.02), er forståeleg, men likevel urovekkjande. Akkurat slik snakka finnane etter avsløringane i Lahti i fjor. Eg seier ikkje at Lazutina har dopa seg. Men at den tidlegare doping-dømde Egorova hadde for høg blodprosent i Brusson før jol, lova ikkje godt. At russiske Baranova-Masolkina som den første langrennsløparen vart teken for EPO-manipulasjon før OL, var heller ikkje noko godt teikn. At ho framleis er i den russiske langrennsleiren i OL, tyder ikkje akkurat på at Russland tar dopingproblematikken veldig alvorleg. Aller verst er likevel at WADA har store problem med å få testa mellom andre russiske langrennsløparar utanom konkurransane. Dopingpolitiet blir møtt med desinformasjon, avbestillingar, unnamanøvrar, ja blir beint fram motarbeidd, til tider. Tidlegare i dette meisterskapet har det blitt sådd tvil om Johann Mûhlegg og Andrus Veerpalu sine ov-gode prestasjonar. Det enklaste, det tryggaste ski-politisk og juridisk sett, er vel å ikkje mistenka nokon, og la dopingprøvane eventuelt få seia i frå. Men ukulturen som Lathi-VM avslørte er der enno i langrennssporten, det er ikkje råd å komma i frå. Det er ikkje råd å komma i frå at testane i Salt Lake City ikkje er så gode som dei kunne ha vore. Den som ikkje orkar dette tvisynet lyt tvihalda i ein illusjon om at alt er såre vel, så lenge dopingprøvane ikkje seier noko anna. Eller forfalla til rein kynisme. To stormakter holar ut antidopingarbeidet i OL frå kvar sin kant. USA ønskjer ikkje keisame avsløringar som skitnar til leikane, "best ever". Det er ein viktig grunn til at EPO-testane ikkje er fullgodt oppdaterte. Russland unngår WADA-testar utanom konkurransane og tordnar over hemoglobintestane i sjølve OL - av grunnar som er lite oppløftande, når ein først anar dei. Det er mogleg langrennssporten ikkje blir stor i verda med ein slik norsk dominans. Men heller norsk dominans, og norsk haldning til dopinga, enn russisk mindreverdskompleks. Eller amerikansk sjølvgodheit. PS! Manuela di Centa er vald inn i IOC som løparrepresentant. Tru om ho vil arbeida mot at OL blir arrangert i tynn luft, for framtida... |


















