|
09.01.2002 perspektiv av Gudmund Skjeldal Er fellesstart noko for langrenn? Fellesstart i langrenn kan oppfattast som eit uspennande pliktløp - fram til spurten. Eller er det ei intens øving der det strammar seg til, meir og meir? Av: Geir Nilsen Johann Mulegg uttala til "Dagbladet" etter fellesstarten i går at dette var langrenn, dette var verkeleg langrenn! Slik måtte det bli i framtida. Thomas Alsgaard rynka på nasen. Sjølv om han streva, kunne han altfor lett køyra inn att dei lukene som oppstod. Kven av dei har rett? I Ramsau like før jol kunne det sjå ut som veret øydela for fellesstartløpet. Lett snødrev gjorde det ekstra vanskeleg å få luke. Difor såg det ut som herreløparane gjorde 5 runder unna på plikt, for så å måla krefter, dei siste 5 kilometrane. Då rykka Per Elofsson, og fekk Ole Einar Bjørndalen, Christian Hoffmann og Kristen Skjeldal med seg. Eg sat og såg på Eurosport og var ikkje einig med meg sjølv: Er dette eigentleg drit kjedeleg, eller er det berre eg som ikkje trur på spenninga? På samme måten var det i Val di Fiemme tirsdag. Stadig vart det små luker, stadig var det nye løparar som drog, Denisov, så Aukland, så Muhlegg. Men like ofte samla feltet seg, 15, 16 løparar, etter utforbakkane. Veret var nydeleg, så det hadde ikkje med føret å gjera. Det er nok slik i langrenn at det er vanskeleg å halda unna i lett parti, når farten er stor, og sporet litt oppvarma, og luftmotstanden er mindre, bak. Slik er det i sykling også. Men enno saknar eg desse rykka, desse brudda frå fellesstartritt i sykkel, der nokre kastar seg i veg, og resten av feltet må ta seg på tak etterkvart, for å nå dei att. No er det er ikkje sikkert det blir slik i langrenn. Til det er det ikkje så enkelt å skifta om å dra, og henta opp ein avstand på den måten. Men det er jo ei viss spenning slik det er no også. Ein får fulgt løparane heile tida. Ein veit aldri om ei lita luke blir avgjerande. Ein får sjå akkurat når toget går, når løpet blir avgjort. Og skulle dei likevel samlast siste runde før mål, sit ein jo med kniven på strupen deira. No må det skje. Anders Aukland vann seg ei luke der eg minst venta det. Det var artig å sjå kor han staka seg i frå Muhlegg og co. Det hadde ein ikkje merka så tydeleg med enkeltstart. |



















