|
01.03.2002 perspektiv av Gudmund Skjeldal Moralens forside Eg hugsar eit bilete frå Lahti-VM i fjor. Då vann Johann Mühlegg femtikilometeren i bitande kulde. Etterpå kysste han gullmedalja si, til ære for fotografane. Og medalja fraus fast til tunga hans. Av: Geir Nilsen Han vart for grådig etter gull. Johann Mühlegg kunne ha reist frå Salt Lake City med to gull og med stor ære, etter sigrane på tremila og jaktstarten. Men han ville ha gull på femmila, og tok sjansen på ei etterfylling med NESP, som det nyaste hormonhermande middelet heiter, i tevlingsopphaldet på ni dagar. Mühlegg minner om ein bankranar frå filmane, han har gjort to fantastiske kupp, og kan stikka av med pengesekkane. Men han må prøva endå eit. Så blir han teken med oppbretta ermer. * Det er noko som luggar i denne lett moraliserande soga. Ein kjøper ikkje NESP på eit apotek, som ein kan kjøpa ei rifle over disken, i det minste i Amerika. Mühlegg har fått hjelp av nokon, ein lege har stilt kunnskapen sin til disposisjon, ein kvitfrakk har sett kanylen inn. Ein funksjonær har opna hvelvet for han. Endå meir trur eg dette gjeld dei russiske kvinnene som vart tekne i OL, Larissa Lasutina, og Olga Danilova. Ja, eg er ikkje så sikker på at dei veit kva dei har fått i seg. Slik synest det i alle fall å vera med dei fotballstjernene som har testa positivt for eitt og hitt, i den tida dei var i italienske Juventus. Og eg minnest den tida eg sjølv var med, på langrennslandslaget. Då fann legen vår ut at astmamedisinen ventolin hjelpte på lungekapasiteten til mange av oss løparane. Og eg stolte blindt på han, og på datakurvene som synte forbetra pust. Me slutta heldigvis med det, ganske fort. Men kva om eg var løpar i eit miljø der NESP ("hormon" som ber beinmargen setja i gang produksjonen av raude blodlekamar) var på linje med ventolin, i alle fall så lenge ikkje dopingjegrar kunne spora det? Bakom desse "svindlarane som skjemde ut OL" står leiarar sugne på suksess, og legar meir enn viljuge til å hjelpa til. Det finst ingen enkelt-skurk, heller ikkje her. Kanskje er ikkje ein gong skurk det rette ordet. Der norske og svenske idrettsmiljø har éin moral, har det russiske ein annan. Ein må også innrømma Mühlegg ein moral. Utan at det medfører at moralen er god. Eg meiner ikkje at Mühlegg er utan skuld. Det er rett at han måtte gje attende gullmedalja for femtikilometertriumfen, og han burde også bli fråteken gulla for dei andre øvingane, og russarkvinnene Lasutina og Danilova likeeins. IOC trong ikkje vera offer for jussen i så måte; at dei ikkje har prov for at desse langrennarane dopa seg også før leika byrja. Under opningsseremonien er det ein utøvar som avlegg eid på vegne av alle deltakarane, og i den eiden blir doping nevnt med reine ord. IOC kunne strippa desse tre for medaljene fordi dei så grunnleggande har brote med eiden, med den olympiske idé. Bak vegringa ligg politiske forklaringar. Mellom anna sit det ein russar med nestleiarverv i IOC. * Men så maktpåliggjande som massemedia her heime har gjort henne, er ikkje den saka. Æra har dei jo mista, for lang tid (om ikkje Mühlegg ser det slik sjølv). Det er æra dei kappar om, idrettsutøvarane, æra og mestringskjensla. Gullet er berre litt forseggjort dokumentasjon på dette, passleg rundt og flathamra metall som misser glansen sin, når det ikkje heng rundt halsen og speglar seg i blanke fotolinser og sigersmila, bølgjande som sølv. Det er fanfara som er stasen, fanfara og blomane og jubelen knytt til augneblinken, til løpet (og nasjonalsongen og medaljeutdelinga om kvelden som ein prikk over i-en). Ei ettersendt medalje, til ein Frode Estil eller ei Beckie Scott, har mista sin magi. Langt viktigare enn medaljestripping og utestenging av desse tre er å få tak i, og straffa legane som gjorde denne dopinga mogleg. Problemet til elitelangrenn er ikkje berre utøvarar med tvilsam moral, sjølv om det er den tanken ein får i fleisen, når Mühlegg insisterte på at han kun har trent hardt i stor høgde, at han hadde diare (då helsetesten vippa ved grenseverdiane), at han hadde hatt ein spesiell karbohydratdiett (som påverka hormona). Problemet er snarare dei umoralske legane, som særleg DDR-regimet klekte ut. Men heller ikkje dei kan isolerast - som kreftcellene. Ein kjem ikkje utanom kulturane, kulturskilnadane. I Norge er det lett for det uavhengige internasjonale dopingpolitiet (WADA) å utføra umelde testar, for dei finn utøvarane. Langrennsløparane seier kvar dei går. I Russland får ikkje WADA tak i forbundsfolka. Og når dei så finn landslaga, stikk løparane av. Difor uroar det meg litt at til dømes Bente Skari seier ho heretter alltid skal venda ryggen til Lasutina og Danilova. Det er ikkje isfront Russland treng. Den gjensidige mistanken, skulinga, isfronten er problemet. Olympisk forbrødring? Noja, dei bidrog no ikkje akkurat til det, dei over fire hundre rasande i den russiske dumaen, då det russiske kvinnelaget vart utestengt frå kvinnestafetten i forkant av dopingavsløringane. * Avisene skriv, ikkje berre tabloida, at dopingavsløringane er eit nytt, og truleg for hardt slag for langrennssporten, etter dei fæle sakene som vart rulla opp i Lahti i fjor. "Hvil i fred, langrenn", skreiv Tormod Brenna i "Dagbladet", no orka han ikkje dekka langrennssporten lenger. Det som frå ei side synest som ein uopprettelege, endeleg skandale, er frå ei anna ein stor siger. Det er ein siger for IOC, over seg sjølv. Den olympiske komitéen har vore treg, altfor treg med å sleppa til dei moglegheitene og metodane som WADA har rådd over på testområdet. Berre etter press, innanifrå og frå utanifrå, gav dei rom for utanomkonkurranse-testane som felte Mühlegg, Lasutina, Danilova. Enno er det mange plasmautvidande stoff (som dempar blodprosenten) som må føyast til forbodslista. Men IOC skal ha ros for å ta tak i problemet, og for at dei ikkje skauv på offentlegjeringane til etter leikane var over. Den kyniske vil vel seia at det kosta ikkje IOC mykje å henga ut tre syndarar i ein så liten sport som langrenn. Men omsynet til leikane, og til USA, kunne ha fått dei til å feia alt saman inn under teppet. Ein annan ting er at leikane aldri burde vore skipa til i slik høgde. Tynnlufta gjorde freistinga, og vinninga ved bloddoping så mykje større. Dinest er det ein siger for FIS, over seg sjølv. Det internasjonale skiforbundet har mange motkrefter i seg i høve til dopingarbeidet, ikkje berre frå Russland, og ingen ting ville vore enklare enn å unngå dei konfliktane som uunngåeleg kjem, i kjølvatnet av slike avsløringar. Men viktigast: Desse dopingsakene er langrennsidretten sin siger over kommersialismen. Det er store tap forbunde med den negative omtalen som no rår, og som kjem til å vedvara i lang, lang tid. Frå eit forretningsmessig synspunkt ville det vore langt lurare å legga lok på den ukulturen som finst. Det gjer dei i fotball. Det har vore tendensar til avsløringar i italiensk fotball, og i nederlandsk, men spelarane får knapt straff, og UEFA og FIFA ivrar ikkje akkurat etter å intensivera dopingarbeidet. Grunnen er openberr: Dei økonomisk ring-verknadane. Somme av oss hugsar korleis veggen av sponsoremblem vart dekt med svart plast då Isometsä skulle ha pressekonferanse i Lathi i fjor. Stoda er mykje den samme i internasjonal friidrett som i fotball. I USA offentleggjorde dei ikkje dei mange stusslege test-resultata dei faktisk gjorde, i forkant av Sidney-OL i fjor. Og i skiskyting - eg skal ikkje seia at sporten er proppfull av dopingtilfelle - men faktum er at president Besseberg og co. har eit langt mildare testregime i verdscupsamanheng enn kva langrenn har våga. I TV-popularitet er skiskyting i ferd med å ta over for langrenn vinterstid, også her til lands. Men langrennssporten vèl altså å ta støyten. Det er dei tillitsvalde og løparane som kjempa testinga fram til ære. Ingen ting ville vore meir naturleg enn å sy att huda over, etter at dei oppdaga kor ille det stod til med blodverdiane til mange løparar under OL på Lillehammer, og i Thunder Bay, året etter. Løparar som der var i toppen, Lazutina, Smirnov, Fauner hadde heilt sjuke blodverdiar. I staden for å lata kreftsvulsten vera, har FIS våga gjort noko med han. Etter Norge også tok gull i sprintlangrennet i OL (Tor Arne Hetland), skreiv Frode Nakkim i "VG" at den norske dominansen er langrennssportens største problem. Då tenkte han på dei kommersielle mogelegheitene i Europa og Amerika. Eg trur derimot - endå det kan høyrast sjåvinistisk ut - at norsk dominans er ein garanti for langrennssporten, for ein ærleg sport (om enn ikkje like rein som "den sne vi henover glider"). * Massemedia spør om me kan stola på dei norske vinterutøvarane. No er ikkje tillit noko ein kan bevisa seg fram til, eller insistera seg til: Tillit er eit spørsmål om tru. Det er likevel råd å peika på den openheita som finst i norske idrettsmiljø, den gjennomsiktige kulturen som finst, og som er ein garanti for at WADA kan gjera kontrolljobben sin, og eit vitnemål om at idretten ikkje må løyna noko. Det er lov å vera stolt av noko norsk. Det var grunn til uro over dei fantastiske langrenna somme utlendingar gjorde i høgden i Salt Lake City, utan at det var "typisk norsk skitkasting" som ytra seg. Det er heller ikkje typisk norsk å vera god, det er typisk norsk å plaga seg kvar gong noko går godt. Som om ikkje der er kvardagar nok. I staden for å jubla for kvart nytt norsk gullmedalje, den sjuande, åttande, niande, byrja me her heime å spørja oss om det ikkje var nok no, om me hadde godt av all denne triumfen, om me ikkje risikerte å bli høga på pæra. Når somme av oss festar og drikk, er det for å bli høge i pæra. Me veit at det kjem ein kvardag, og dei som ikkje drikk kan trøysta seg med at han kjem, med dobbel tyngd. OL er ein slik fest. Olympiaden er ein leik - sjølv om grinebitarar i og utanfor media vil ha oss til å tru noko anna. * Å vera norsk i god forstand er å gje uroa eit rom. Men ikkje alle stader, ikkje til alle tider. Mi uro gjeld Olympiatoppen. På veg heim frå Saltlakebyen tala Bjørge Stensbøl om alle dei nye millionane toppidretten treng for å halda tritt med målsetjingane, som no er at Norge skal bli tredje beste OL-nasjon, viss ein ser sommar- og vinterleikane samla. Kvifor det? Er det ikkje godt nok, no? |




















