23.01.2002 perspektiv av Gudmund Skjeldal
- NM som nyttårsfeiring

NM er over for i år. Eller kanskje ikkje? Kanskje får me NM i den kommande jola også?



Av: Geir Nilsen

NM som nyttårsfeiring

NM er over for i år. Eller kanskje ikkje? Kanskje får me NM i jola også?

Svenskane har i fleire år hatt delar av meisterskapen sitt i jola. I dette er det ikkje noko skam å herma etter svensken. Langrennsformann Bjørkestøl ymta frampå om noko slikt i "Dagbladet". Norgesmeisterskap ved nyttårstider er ein god idé. Det kan bli beint fram moro.

Det er mi meining at langrennsløparane går for få løp. I år er det jo heilt ekstremt; dei skal ligga og lada opp i tre samfulle veker frå no av, før OL brakar laus. Frå siste verdscuprenn i Nove Mesto, der mange lèt vera å stilla, er det ein heil månad til neste verdsfylking. Midt i beste vintersesongen skjer det altså ingen ting.

Det er sløsing med tid, sløsing med gode høve for å fanga all verda, sløsing med alle treningstimane heile sommaren og hausten i gjennom. Langrennsløparar trenar då vel ikkje for å lada opp? I dette er ikkje svensken noko godt eksempel til etterfølging. Per Elofsson er ein av dei verste. (Eg var nær ved å skriva "lataste", - men det blir litt feil.)

Men all right, eg ser at få vil dunka på med løp heilt inn på eit meisterskap, der programmet er vêl tett. Og i år er det som sagt heilt ekstremt, sidan OL går føre seg over there, i 1600 meters høgde. Norgesmeisterskapen vart skadelidande. Elevane mine på Katedralskolen hadde gledd seg til å sjå kjenningar gå tremila (ja, dei hadde fått lov av meg å sjå på fjernsyn), men den sendinga vart det jo ingen ting av, berre eit lite resyme på ettermiddagen, aidan dei beste alt hadde dratt til Amerika (bortsett frå Hjelmeset).

No er ikkje fjernsynsdekning alt; det var jo ei fantastisk mønstring av folk, tjukt av tilskodarar i den vesle bygda vest i Telemark. Men ei flytting av meisterskapstidspunktet til dagane rundt nyttår vil gagna på fjernsynsinteressa, utan at det går utover tilstrøyminga lokalt. Rett nok kan ein ikkje kommandera ut barneskuleelevar i den perioden, men så kan jo heile familiane gå i romjula. Heller ikkje er dei beste løparane alt, NM er også ei landsmønstring, men det er jo aller mest stas med medaljer når også dei fremste er med og tevlar om dei.

Eg ser for meg følgande (herre)program:

5 mil 28. desember, enkeltstart. Dette første langløpet kan veksla mellom stilartane, og mellom tre og fem mil. Men det er viktig at dette løpet kjem først, så det ikkje blir eit amputert nachspiel utan dei beste på start. Eg er fullt klar over at femti-kilometer høyrest drygt ut, men i tida før Bjørn Dæhlie og Thomas Alsgaard, i den tida Vegard Ulvang regjerte, var ingen redd for å gå fleire fem-miler i løpet av ein sesong. Det er då langrenn ein trenar for? (Fellesstart er utelukka: I Norge skjønar folk kva langrenn går ut på, utan at den som vinn må komma først i mål)

10 kilometer 31. desember. Nyttårsaftan er ein fin dag å gå kortdistansen. Folk har kjøpt inn kalkunen, og langrenn er den beste pirring før rakettfesten.

Sprint 1. januar. I flomlys, etter nyttårskonserten i Wien, og første renn i hoppveka, då dei aller fleste har nok med sofaen, passar det utmerka med sprintlangrenn. Stilart bør også her veksla år om anna.

Frå ei side sett er dette nok. Men eigentleg er langrennsløparar trent for å tola ein jaktstart 2. nyttårsdag. Mitt forslag er å spara jaktstarten, og stafetten, til etter Holmenkollrenna i mars.

Forslaget føreset ikkje færre verdscuprenn. Tvert om: Det bør bli slutt på denne lange ørkenvandringa mellom NM og VM/OL, då me tilskodarane kjedar vettet av oss, og meisterskapsdeltakarane blir så nervøse av å berre lada opp at det gagnar verken dei eller oss.

 


Språk Norsk - Norwegian