|
Gudmund Skjeldal. På sporet av langrenn. Det finst norske sportsjournalistar som vil ha vekk klassisk langrenn. Ein kan lura på kva som gjekk gale i oppveksten deira. Tru om dei såg sporet i Davos i helga? Av: Geir Nilsen Å, men det var vakre fjernsynsbilete frå Davos i helga. Djupblåe himmelen over dei kvite alpetaggane, og sol, mild sol som ikkje var ute etter å smelta snøen. Ho smilte til langrennsløparane langt der nede. Og så skisporet, to mjuke linjer ved sida av einannan gjennom heile sendinga, gjennom svingen, og tre snorbeine spor inn mot mål, nesten som eit noteark. Sendinga kunne rett nok vore endå betre. I staden for å senda karane ut inn ein femkilometersrunde, 3 gonger den samme, skulle dei ha strekt løypa opp til setra, eller løa, eller kva trebygningen er meint til, den stemningsskapande gråe som har stått vitne ved slitet til skiløparane før om åra, før dei snudde ned att. Arrangørane trudde kanskje at det blir betre TV-oppleving av ein kort runde, men i røynda er det motsette tilfellet: Di fleire løparar som kjem til passeringspunktet, men på ulike rundar, alt ettersom, di meir til forvirring for sofatilskodaren. ![]() Men med snø på grantrea, og på skigarden, og knirkete kaldføre, var det ei heilt anna ramme rundt langrenna i Davos enn dei brunsvidde jordene i Cogne og Brusson, i veka som fôr. Skikkeleg langrenn, endeleg, skikkeleg vinter. Og i sentrum: Ikkje Bente Skari og Erling Jevne (jo, dei også, men ikkje akkurat her), men skisporet. Sjølve skisporet, køyrd opp om kvelden, frosse til om natta, to strekar tett i tett, heile tida, over heile skjermen, og alltid lenger fram. Som ein lovnad om at moroa skal vara lenge enno. Akkurat som ti minutt inn i ein fotballkamp på plenklypt gras, og du veit at de skal spurta i 80 til, minst. I moderne fysikk heiter det at viss du strekker to parallelle linjer, to perfekt parallelle linjer til og med, ut i verdsrommet, vil dei på eit eller anna tidspunkt møtast, og kryssa einannan. Ikkje spør kvifor, det har eit eller anna med krumminga av universet å gjera. Men dette diagonalsporet i Davos, desse to vakraste linjene, ein kunne sikkert strekt dei i all evigheit (og det kan ein nesten i Davos, i andre enden av dalen enn der skiløypa går), utan at skiene ville kryssa einannan. Sporet såg fullkomment ut. Trongast nederst, breiare øverst, som ei brødform. Like god å stryka skia i som smørkniven på mor sine nybakte grovbrød då ein var barn. Fast i botnen, som ei skorpe, som eit golv for muskelkonsentrasjonanen til Erling Jevne og Bente Skari. Det må ha vore ei fryd å slå over frå stakinga til motbakken, for dei. Å, dette skisporet, som skapt for menneske, som leier skia så fint framover, ein far eller ei mor for diagonalgangen. "Sporkall" kalla me sporsettaren der eg vaks opp, den grøne metalltunge skapningen naboguten hekta bakpå scooteren. Og ein kall må ha det vore som fann han opp, ein med magiske evner, ein med kontakt til under-verda. "Trikkeskinner" brukte Krister Sørgård å seia, eg var mykje i lag med han i junioralder, og eg godtok det som namn når spora var faste; eg hadde ikkje sett så nøye, bakom trikkane dei gongene eg var i byen. Men trikkeskinner er så grunne, har eg funne ut. Du kan legga ein femmar på skinna, og trikken sporar av. I Davos såg det ut som erfarne forskalingssnekkarar hadde laga sporet, som hadde dei lagt sjela si i det, som skulle det leggast gullbarrer. Sjølv Pål Thommasen, han i kommentatorboksen til NRK (saman med Torgeir Bjørn), fekk lyst til å langa ut i løypene. Det er noko der. Eg veit ikkje kor ivrig han er til å gå på ski, men han har sikkert prøvd langrenn i ungdommen, i alle fall i barndommen. Og her nærmar eg meg moralen: Langrenn dreier seg, som så mykje anna, om gjenkjenning. Det finst folk, sjølv norske, som vil ha slutt på klassisk langrenn. Sportskommentator i "Dagbladet", Tormod Haugstad, har forfekta det synet ved fleire høve. Ein kan like godt konsentrera seg om skøytinga, først som sist, for langrenn dreier seg om å ta seg fortast mogleg fram på snø, og kvifor skal ein då gå klassisk? Tormod Haugstad må ha gløymt barndommen sin. Eller så har han aldri gått på skikkeleg smurde ski. Langrenn dreier seg ikkje berre om dramatikk, fart, og sekundstrid. Sofatilskodaren (dvs. me) nyt diagonalgangen til Erling Jevne og Oddbjørn Hjelmeset, endå det ser ut som dei sløser med kreftene. Og det kiler i magen når me ser så vakkert eit spor. Det dreier seg om gjenkjenning. (Difor har eg lita tru på at langrenn kan vinna så mange tilskodarar i Berlin.) Nordmenn har gått litt på ski, meir eller mindre, dei fleste veit kva det kan vera. Me veit kva som skal verdsetjast. Det er på samme måten i fotball. Den som sjølv har spelt, veit å klappa for ein strålande langpasning. Mor mi ser berre at dei ramlar og slår seg. Langrenn dreier seg slik om estetikk, om det vakre. Elles var det jo rart at dei balte med ski, og med spor. Det går jo mykje fortare med scooter. |






















