|
02.02.2002 perspektiv av Gudmund Skjeldal Gnir sine hender "VG" over nesten to sider fredag 1. februar: Bente Skari nedtrykt i ein sofa. Bildet av henne i motsetning til ei triumferande Kristin Smigun, etter at B-prøven hennar viste seg å vera "negativ". Perfekt konfliktstoff for tabloida. Av: Geir Nilsen Ein skulle hatt Tufte-Johansen-kyllingen kaklande i bakgrunnen. Kven var det som slo opp på to sider at Smigun hadde testa positivt for anabole steroidar? Kven var det som fotfulgte Skari i Salt Lake City, gav henne ikkje fred før ho svarte? Fulgte etter henne inn på hotellet, slapp henne ikkje før ho kommenterte skandalen i Estland? Og Bente Skari svarte "VG" og "Dagbladet" at ho var skuffa over Smigun, skuffa og såra. Vel og merka under føresetnad av at også B-prøven var positiv. Skreiv avisene det? Ikkje då. Tabloida, ikkje berre "VG" og "Dagbladet", men "Dagsavisen" og fleire, gjorde feite typar av A-prøveresultatet til Smigun. Dei trykte også Skari sin reaksjon; "føler seg lurt". Men no altså, fredag altså, ei angrande Skari, og ei letta Smigun. No har Smigun grunn til å føla seg lurt, og såra. Og avisene veit å dyrka fram kontrastane, og konfliktane. Var det ikkje gale av Skari å uttala seg om saka, før B-prøven var undersøkt. Skammar ho seg ikkje? Sjølv angrar dei vel ingen ting. To gode saker har dei fått, feite oppslag. Toer sine hender? Dei gnir sine hender. * Ei anna sak er kva B-prøven til Smigun verkeleg fortel. Ein svensk dopingekspert uttalar til VG, 2. februar, at B-prøven var ingen ting verdt, verdien av dei forbodne stoffa synk i kjøleskapet, dei dagane det er tale om. Dessutan var B-prøve-resultatet også over normalverdiane, langt over. Men eg vil nødig gå i samme fella som "Aftenposten" gjorde ein gong, i 1974, då Thomas Magnusson vann det første VM-gull på glassfiberski: "Ikke skal det stå i denne avisen at Thomas Magnusson vant fordi han hadde de beste skiene, selv om han kanskje også hadde det." Det internasjonale dopingpolitiet må gå i seg sjølv etter dette. Ikkje først og fremst i rutinane og laboratorieundersøkingane, men i mediahandteringa si. Ingar Lereim, ein av dei mest profilerte i antidopingarbeidet, uttalte seg vel så skarpt om Smigun til "VG" som Skari etter A-prøveresultatet. "At hun kunne gjøre noe så dumt", og "Vi vet mye som ikke er kommet fram. Det er en forferdelig dopingkultur i langrennssporten" Kvifor seier han slikt? Lereim skal fint halda kjeft, til ei kvar sak er ført gjennom dei rette, godkjente prosedyrane. Samme kva han måtte vita. Men han har vel neppe ringt til avisa sjølv. Journalistane er ramme når dei verar blod. Hadde dei berre likna kyllingar.
|





















