Salomon Motbakkecup er den offisielle norgescupen i motbakkeløp, arrangert av motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund og Salomon.
4.juni arrangerast andre løp i denne cupen: Hovlandsnuten Opp i Sauda.
Etter første løp i Bergen (Ulriken Opp 21.mai) ser poengstillinga i cupen slik ut;
Damer
1. Heidi Weng (IL i BUL) 100 poeng
2. Kirsten Marathon Melkevik (BFG Fana), 90 poeng
3. May Britt Buer (Gular IL), 85 poeng
4. Tuva Toftdahl Staver (IL Heming) 80 poeng
5. Therese Sjursen (BFG Fana), 75 poeng
I dameklassa er Buer og Sjursen påmeldt i Sauda, så førebels ligg det an til endringar i teten. Merete Weng kan nemnast som eit anna sterkt namn ettersom ho tidlegare har vunne m.a. Spåtind Opp og markerte seg i Ulriken Opp.
Herrer
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Fana) 100 poeng
2. Torstein Tengsareid (IL Skjalg) 90 poeng
3. Joel Dyrhovden (Samnanger IL) 85 poeng
4. Gaute Kvåle (Røldal il) 80 poeng
5. Kristen Skjeldal (Voss IL) 75 poeng
Alle dei fem i teten i herreklassa er påmeldt i Sauda. Gaute Kvåle frå Røldal samlar også poeng i juniorklassa i Salomon Motbakkecup og må sjåast på som et verkeleg stort løpstalent. Også fjorårsvinnar i Salomon Motbakkecup Øyvind Heiberg Sundby er påmeldt samt den sterke langrennsløparen Sjur Røthe, så det blir garantert tøft for dei som ønskjer å hevde seg i teten i Hovlandsnuten Opp og i Salomon Motbakkecup.
Løpet har start ved fjorden og har ei lengde på 7 km med ei stigning på 911 meter. I konkurranseklassa er det så langt 135 påmeldte i Sauda. For bilde, sjå her; http://www.hovlandsnuten.no/Hovlandsnuten/Galleri/Galleri.html
Salomoncupen består av fem løp der samanlagtvinnarane kjempar om premiar frå Salomon og Suunto verdt 130 000,- ;
21.mai: Ulriken Opp, Bergen
4.juni: Hovlandsnuten Opp, Sauda
25.juni: Storehesten Opp, Gaular
17. juli: Kvasshovden Opp, Ulvik
1.oktober: Oslos bratteste, Oslo
Heimesida for Hovlandsnuten Opp
Fullstendig poengstilling etter første løp i Salomon Motbakkecup