16.11.2006
Krinssamling i langrenn på Nordfjordeid.

Sogn og Fjordane Skikrins inviterar saman med EID IL til open krinssamling for 15-16 åringar neste helg.

Av: Asgeir Årdal

Sogn og Fjordane Skikrins har hausten 2006 lagt til rette for opne krinssamlingar i langrenn for aldersgruppa 15-16 år. 3 samlingar er unnagjort, og no inviterar Skikrinsen saman med EID IL til den siste samlinga for året. Tidligare i haust har det vore samlingar i Førde, Sandane og no sist på Hafslo. Denne siste samlinga blir arrangert på Nordfjordeid 24-26 November. Siste frist for påmelding er Fredag 17.November.

Yngve Thorsen som er adm.sjef i Skikrinsen er godt nøgd med det nye tiltaket. – Det har vore god oppslutning om samlingane. Gjennom dette håpar vi at løparane i fylket som ikkje er gamle nok for krinslaget, skal få eit betre sportsleg opplegg.

For meir informasjon om samlinga, samt samlingsopplegg finn ein under denne linken: http://www.skiforbundet.no/sognogfjordane/t2_gren.asp?p=65556

Språk Norsk - Norwegian