Norgesmesterskap Voss
NM-løypene bader i snø
Det er god gammaldags vinter på Voss.
Medan dei fleire stader i landet siter med skiføret pga lite snø, er dette ingen problem på Voss. Her har dei fått meir enn nok.
NM-arrangøren har vore heldig med snøen til arrangementet. Det er ikkje ofte det er so mykje snø i anlegget so tidleg i sesongen. For medan det har regna nede i bygda, har det kome som snø i Voss Ski og Tursenter.
Snøen byrja å legga seg i starten av desember og med asfalt i delar av løypa so skulle det ikkje mange cm til før det var skiføre. Mildværet i jolahelga tæra på snøen, men gjorde også at løypene fekk satt seg skikkeleg. Etter nyttår har det vore jamt med påfyll frå oven.
Løypekøyrarane med Per Ove Himle i spissen har gjort ein kjempejobb og alle NM-løypene er trakka etter kvart snøfall. Det er ikkje få netter som er brukt. Det meste av snøen har kome rundt 0 grader, så rubbskia har vore flittig brukt!
Dette og all preppinga har ført til at det er veldig faste løyper. Under rigginga for NM har det blitt køyrt med ein 20 tonns hjullaster i løypene, og det er berre spora etter kjettingane som viser.
No ei veke før start er det ca 1,50 m i terrenget og i løypa ligg det ein hard såle på 60 cm. Siste døgn er det kome 30 cm med nysnø og det snøar fortsatt.
Alt skulle ligga til rette for flotte NM-dagar i Voss Ski og Tursenter.

Arenaen for NM Ski Voss 2012. Arrangørfoto.




















