|
15.01.2002 perspektiv av Gudmund Skjeldal Østenfor er sol EU har kasta augo på Øst-Europa for lenge sidan. Det burde også FIS gjera. Det er der ski-interessa lever. Av: Geir Nilsen I Nove Mesto førre lørdag var det 30 000 tilskodarar til verdscuprennet i skøyting. Dei stod tett i tett uti skogen, på kvar side av løypa, akkurat som somme stader i Nordmarka under femtikilometeren. Det var ei hån mot tsjekkarane at ikkje Norge stilte lag til sprintstafettane søndag, verken herrane eller kvinnene. Også i Kavgolovo, utanfor St.Petersburg, pla det kry av folk langsmed løypa, som på maurstiar. I år vart det ikkje noko verdscuprenn der, slik det pla vera. Val di Fiemme "kuppa" løpa til sitt prøve-VM. Og der var det ikkje nett mange tilskodarar å skryta av. I fjor gjekk langrennsløparane verdscuprenn i Ottæpæ i Estland like før Lahti-VM. Interessa der har auka enormt med prestasjonane til Smigun på spinnesida, og Mae og Veerpalu på herresida. I tillegg er Estland ein ung nasjon, og alt som kan markera og stemma opp det nasjonale samlar folket seg kring, særleg innan idretten. Også i Moskva er det fullt av skodelystne langsmed sporet, som for to år sidan. Diverre var fjernsynssendinga derifrå heilt håplaus, men tenk på kva inntrykk ein kunne ha skapt av langrenn, med tjukt av tilskodarar tilstades ved verdscuprennet - både i Aust-Europa elles, og i vest. EU har innsett for lenge sidan kva marknadspotensiale som ligg i Polen, i Tsjekkia, i dei baltiske landa. Skal ein først tenka slik i langrennssporten (og det gjer ein vel alt i FIS), så burde ein satsa mykje meir på verdscuparrangement i Aust-Europa. Der er det genuin langrennsinteresse. Der vil det spira fram kjøpekraft etter kvart. Men Norge klarer altså å lata vera å stilla lag i sprintstafetten i Nove Mesto. Ein kunne bruka sportslege argument for å stilla lag - til dømes at Tore Ruud Hofstad er førstereisgut i verdscupsamanheng, og har godt av all den trening og konkurrering han kan få. Det samme gjeld kvinnene, sjølv om ikkje akkurat Ine Wigernes og Eva Kjærstadmo har gått gjennom lydmuren før i vinter. Og då er eg over i eit vel så viktig argument: Arrangøren i Tsjekkia hadde fortent at Norge stilte lag (og meir enn ei kvinne på skøyteløpet lørdagen), med så stor publikumsinteresse. I staden for å avsky og unngå Aust-Europa burde Norge omfamna landa som har slik langrennsinteresse, og gå inn for fleire verdscuprenn i Russland, Tsjekkia, Estland, Slovakia. Det har mykje meir for seg enn å flørta med halvtyskarar i Salzburg (og Wien), til dømes. Enn seia halv- og heilkriminelle i Italia. Moralen er: Riv ned fordommane mot Aust-Europa. Bygg opp motførestillingane mot Sør-Europa. |





















