Av Gunnar Hauge
Men det er ikkje det same som at lovløysa skal råde, sjølv om intensjonen er aldri så god. La alle idrettsarrangement skje på formelt riktig måte er mi oppmdoing. Dei som ikkje forstår det, bør halde seg unna. Arbeid gjennom lag, krets og forbund, ikkje gå omveiar om du først møter litt motstand. Dette er like mykje eit spørsmål om etikk og moral. Argumentasjonen til dei som står bak heldt ikkje mål. Ta til fornuft, set ikkje idretten i vanry, lat ikkje idretten bli ein arena for piratverksemd. Det verste er at media, som helst vil framstå som ei fornuftig og kritisk røyst, ikkje har teke avstand frå slike opplegg. Det seier etter mi meining alt om seriøsiteten såvel hos ein del media som sportsjournalistar. Dei hadde nok hatt trong for ein god og lang luftetur heile hurven, ja, det vil klarna hjernen.