Sogn og Fjordane


30.07.2008
Rekordjag mot Saudehornet

Laurdag 2.august er det nok ein gong lagt til rette for bakkeløp i Ørsta.



Det er tradisjon for at dei beste bakkeløparane i Norge stiller til start på Saudehornet Rett Opp og Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen stiller også i år. Begge har vunne løpet dei siste åra og har sett rekordar som blir tøffe å slå. For den vanlege mann i gata vil det vere ein attraksjon i seg sjølv å oppleve dei nybakte norske meistrane Tvedt og Håkenstad Evertsen springe opp fjellsider godt trente mosjonistar har meir enn nok med å forsere i roleg gange.

Herrefeltet er også i år svært sterkt, medan det framleis er få påmelde i dameklassa. I år blir Tvedt blant anna utfordra av sølvvinnaren frå NM, Øyvind H. Sundby. Dei lokale skilparane med Andre Haugsbø og Øyvind Sandbakk stiller i spissen for ei bråte skiløparar, mens den tsjekkiste orienteringsløparen Eva Jurenikova vil utfordre Håkenstad Evertsen. Store pengepremiar motiverer sjølvsagt til rekkordjag, men arrangøren har i år lagt eit ekstra fokus på mosjonistklassen gjennom store uttrekkspremiar og god tilrettelegging for ein fin familetur mot toppen.

For meir informasjon www.saudehornet.no

 


Language Norsk - Norwegian Language English - Engelsk