Tommy Lindskog forteller som følger om rennet som arrangeres 14. april 2012:
Snoen dalar ned på Haukelifjell om dagen, og Haukelifjell Skisenter kan melde om snodjubde på 135 cm.
Grunna mykje vind kring joletider, har snoen satt seg og det er faste og fine tilhøve i terrenget.
Løypemannskapa jobbar heile tida med å forbetre traseen, og den lange utforkøyringa frå Vidjernuten vil i år bli lagt i sløyfer slik at ein reduserar farten merkbart.
Fortsetter nedenfor bildet

Arrangørfoto Haukelirennet.
Det lovar godt for det fjerde Haukelirennet. Arrangementet har gradvis auke i deltakarar kvart år.
Klassevinnarar som Sjur Røthe, Anders Aukland, Kristin Størmer Steira , Marit Bjørgen og Tuva Toftedal Staver, vitnar om eit sterkt startfelt.
Her er du også velkommen som mosjonist og trimmar, og du får starte saman med våre nasjonale heltar.
Marit Bjørgen, Sjur Røthe og Chris Jespersen stiller til start i årets utgåve, og truleg kjem det også fleire heltar.
Ungdomsrenn og barnerenn under Haukelirennet
I tillegg til aktiv, mosjon og trimklasse, vil det i år bli ei klasse for ungdom samt eit arrangement for born.
Dagen etter, sundag 15. april, er det show i Røldal. Røldal Ned – Opp har sitt andre arrangement. Det er ein gyllen moglegheit å kombinere desse to arrangementa med berre ein 30 minutt biltur avstand frå Haukelifjell til Røldal.
Me ser fram til skifest på Haukelifjell laurdag 14 april!
Du er hjartleg velkomen. For meir info om rennet kan du vitje heimesida vår www.Haukelirennet.no