Resultater Torefjellsrennet 2004

Ja, så var "vinterens vakraste eventyr", nemleg Torefjellsrennet, over for i år. Rennet vart arrangert for 20. gong i eit utruleg ver, sol, stille og minus 2 som steig til plussgrader utover dagen. Arrangøren nytta jubileumsåret til å starta med ein ny type Torefjellsrenn: Alle som deltok i dei konkurranseklassane som gjekk 2 rundar ,dvs 25km, konkurrerte om å få "Torefjellsmerket". For å oppnå dette måtte du klara deg innanfor maksimaltida som vart rekna ut slik: gjennomsnittstida til dei 5 beste i klassen + 25%. Her kan nevnast at maksimaltida i klassen menn 50-54 var 1.30, medan i klassen menn 40-44 måtte du gå på 1.40 for å klara merket! I tillegg fekk klassevinnarane premie. Beste mann, Sigve Dyrhovden, Samnanger, tid 1.03.35, fekk "beste-mann-premie", og Marit Tveite Bystøl frå Eldar, tid 1.14.51, fekk "beste-kvinne-premie". Begge desse deltok i 20-24 år. Verdt å leggja merke til er at brødrene Joel og Sigve Dyrhovden stakk avgarde med kvar sin førsteplass! I klassen 12-15 år var det størst deltaking. Dei gjekk 1 runde, dvs.12,5km, og her var det premie til alle! 61 deltakarar gjennomførte rennet i konkurranseklassane, og her registrerer vi ein liten auke i forhold til for 2 år sidan på trass av at rennet er lagt til siste helga i vinterferien og mange er i Holmenkollen! Sjølsagt ynskjer vi oss attende til dei "gode gamle dagane" med 1000 deltakarar, men dessverre har talet på dei som går på tid gått nedover i dei fleste turrenn - unnateke Birken og Skarven. Grunnane til dette er mange - kanskje vi tek oss sjøl for høgtidleg... Vi utfordrar fleire til å gå på tid neste år! Treninga tek til i morgo, og kan du ikkje skøyta, så er det berre å møta på kurset som tek til førstkomande torsdag kl.20.00 på Sjusete! Det er meint for nybegynnarar, gamle som unge! Kansje DU klarer merket til neste år! 118 gjennomførte i alle fall 1 runde (og mange gjekk 2) utan tid. Her var det premiar uttrekt på startnr. - Bord frå Torpe Møbel, kalkulator frå Lid Jarnindustri, termos frå Bygger'n, og Kvam LSK gav skøyteski, 2 skihuer og 16 vasar. 45 ungar deltok på skileik. Dei kosa seg med 3 rundar i ei løype som mellom anna inneheldt gotteri og grillpølse. Alle fekk flotte "medaljer" laga av tre med Torefjellsrennet innbrent. "Da va veldi kjekt" sa ein av dei eg snakka med! Vi fekk skryt for eit fint arrangement og for fantastisk flotte løyper! Rennleiaren må berre seia seg samd, i alle fall i det siste. Dessutan syns eg og at vi klarte oss bra på arrangementsida, og eg vil få takka alle dei fantastisk positive medarbeidarane mine i dag ! Helsing Rennleiaren!



Rennleder: Gro Liland
Løypesjef: Per Ove Sæleset
Teknisk delegert: Tore Neubert

Resultat

12-15 år

Plass Start       Tid
1 0116 Joel Dyrhovden Samnanger IL 33.48  
2 0108 Torgeir Skare Tygesen Korlevoll 35.52 02.04
3 0117 Jørgen Eide Kvam LSK 36.48 03.00
4 0121 Vidar Tysseland Samnanger IL 37.09 03.21
5 0109 Johannes Heien Ternen 38.38 04.50
6 0115 Eivind Holmedal Ternen 39.22 05.34
7 0106 Ida Seim Røldal 39.26 05.38
8 0120 Alexsander Løtvedt Ukjent 40.38 06.50
9 0112 Sverre Olav Botnen Kvam LSK 40.46 06.58
10 0118 Iver Andreas Bokkum Ternen 41.14 07.26
11 0113 Bjørnar Liland Skjelvan Kvam LSK 41.50 08.02
12 0110 Johannes Sæleset Kvam LSK 41.53 08.05
13 0107 Torstein Øyri Kvam LSK 43.29 09.41
14 0114 Peter Raa Alvheim Hålandsdalen IL 45.27 11.39
15 0119 Lena Sande Kvam LSK 46.54 13.06
16 0111 Tommy Skjelvik Kvam LSK 47.37 13.49


16 påmeldte. 16 startet. 16 resultater.
Menn 65-69 år

 

Plass Start       Tid
1 0122 Arne Størksen TiF Viking 50.13  


1 påmeldte. 1 startet. 1 resultater.
Menn 30-34 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0212 Anders Søyland TiF Viking 1:08.38  
2 0214 Tore Totland Fana IL 1:12.49 04.11
3 0216 Ove Moge Strandebarm IL 1:14.48 06.10
4 0215 Karl Fredevik Eek-Jensen Hydro Bergen 1:23.37 14.59
5 0217 Lars Moge Strandebarm IL 1:28.06 19.28


6 påmeldte. 5 startet. 5 resultater.
Menn 20-24 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0226 Sigve Dyrhovden Samnanger IL 1:03.35  


2 påmeldte. 1 startet. 1 resultater.
Menn 35-39 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0234 Jan Erik Boge Hålandsdalen IL 1:05.54  
2 0233 Arnt Ove Femsteinevik Hålandsdalen IL 1:10.25 04.31
3 0232 Magnar Tveite Eldar IL 1:14.55 09.01
4 0231 Halvar Totland Kvam LSK 1:21.57 16.03


4 påmeldte. 4 startet. 4 resultater.
Kvinner 20-24 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0235 Marit Tveite Bystøl Eldar IL 1:14.51  


1 påmeldte. 1 startet. 1 resultater.
Menn 40-44 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0239 Brigt Strømmen Bergsdalen U & IL 1:08.46  
2 0246 Jan Roy Eide Kvam LSK 1:16.30 07.44
3 0237 Arve Lunestad Rosendal 1:18.17 09.31
4 0245 Ole Martinsen Fana IL 1:18.56 10.10
5 0242 Ola Flesland Ukjent 1:19.52 11.06
6 0244 Inge Hatlebrekke Ukjent 1:21.03 12.17
7 0240 Lars Jakob Løtvedt Løtvedt Bergen 1:21.56 13.10
8 0243 Helge Flesland Ukjent 1:24.15 15.29
9 0241 Ralf Scharer Løtvedt Bergen 1:29.23 20.37
10 0236 Ogne Øyehaug Ørta IL 1:33.58 25.12


10 påmeldte. 10 startet. 10 resultater.
Menn 45-49 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0251 Viglek Sysseland Samnanger IL 1:08.17  
2 0249 Oddvin Aksnes Kvam LSK 1:09.05 00.48
3 0247 Ivar Blokkum Ternen 1:11.35 03.18
4 0250 Magne Heien Ternen 1:17.19 09.02
5 0248 Selmar Kjerland Granvin 1:26.00 17.43


5 påmeldte. 5 startet. 5 resultater.
Menn 50-54 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0257 Harald Simmenes Bergsdalen U & IL 1:09.50  
2 0255 Ivar Tveitin Kvam LSK 1:10.36 00.46
3 0256 Arne Bystøl Eldar IL 1:13.33 03.43
4 0254 Rune Brattabø Voss IL 1:14.08 04.18
5 0258 Hans Berdal Hålandsdalen IL 1:15.51 06.01
6 0259 Tormod Myklebust Uskedal IL 1:19.34 09.44
7 0253 Gunnar H. Pedersen TiF Viking 1:31.28 21.38


7 påmeldte. 7 startet. 7 resultater.
Menn 55-59 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0263 Per Øyvind Tveiten Kvam LSK 1:10.39  
2 0262 Tore Trohaug Fana IL 1:21.53 11.14


3 påmeldte. 2 startet. 2 resultater.
Menn 25-29 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0272 Johnny Gjerald Eldar IL 1:05.21  
2 0273 Kjetil Ljones Moge Strandebarm IL 1:34.37 29.16


2 påmeldte. 2 startet. 2 resultater.
Menn 16-19 år

 

 

Plass Start       Tid
1 0278 Lars Magne Heien Ternen 1:11.39  
2 0276 Eirik Linde Bjerg Fana IL 1:11.57 00.18
3 0275 Kristian Børve Korlevoll 1:19.25 07.46
4 0277 Anders Sæleset Kvam LSK 1:28.03 16.24


4 påmeldte. 4 startet. 4 resultater.

 



* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +