Sjur Røthe under lagsmeisterskapet til Voss IL 2013. Foto: Voss IL.

Sjur Røthe under lagsmeisterskapet til Voss IL 2013. Foto: Voss IL.

Sjur populær på heimabane

Nytt om toppløperne

Sjur Røthe var det store trekkplasteret på lagsmeisterskapet til Voss IL i Voss Ski og Tursenter tysdag kveld.
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

50 løparar frå tre år og opp til 16 år deltok i det avsluttande rennet for sesongen, og for å sjå verdsmeisteren frå VM på ski.

Løparane vart delt opp i tre fellesstartheat, eit for 1 km, eit for 2 km og eit for 3 km. Sjur Røthe stilte sporty opp i alle heat, til stor glede for den unge fansen.

Fortsetter nedenfor bildet
Sjur Røthe under lagsmeisterskapet til Voss IL 2013. Foto: Voss IL.
Sjur Røthe en populær kar. Foto: Voss IL.

Etter rennet var det premieutdeling og feiring av sesongen og VM-gull. Sjur fekk her utdelt Voss IL sitt heidersmerke i gull.

Han er den tredje utøvaren som har fått utmerkelsen i nyare tid, i godt selskap med Astrid Lødemel og Jan Einar Thorsen.

Etterpå var det feiring av Sjur og sesongen med marsipankake, hot dog og brus.

Deltakarane på lagsmeisterskapen fekk utdelt premiar av Sjur, som var stor stas. Ekstra stas vart det når Sjur hadde med seg ei signert overtrekksjakke frå VM-kolleksjonen som vart trekt på startnummer.

Spenninga var til å ta å føle på under trekkinga og jubelen sto i taket frå den heldige vinnaren.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus