
Øystein Sylta viste muskler og vann Norgescupløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda i et tidligere år. Foto: Per Inge Fjellheim.
Klart for NECON motbakkecup 2014
Med torsdagens 2,1 kilometer lange løp og 400 høydemeter i Løvstakken Opp smeller norgescupen for motbakkeløp i gang.
Artikkel publisert i samarbeide med Motbakke.com.
Konsulent- og engineeringselskapet NECON held fram som sponsor for den tradisjonsrike motbakkecupen.
NECON motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping, og dei utvalgte løpa i NECON motbakkecup 2014 (som òg inkluderer NM), dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM, VM og Grand Prix.
Eit nytt år, og ein ny motbakkeløps-sesongen bankar på døra, og det har vore bra konkurranse om å arrangera løpa i neste års cup.
- Vi har hatt omlag 20 søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, seier Narve Heggheim, nestleiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.
Desse løpa er tildelt arrangement i NECON motbakkecup 2014:
Nr. | Dato | Løp | Distanse | Stigning | Arrangør | Sted | Nettadresse |
1 | 29. mai | Løvstakken Opp | 2,1 km | 400 m / 19 % | Varegg IL | Bergen, Hordaland | www.lovstakkenopp.no |
2 + NM | 14. juni | Hovlandsnuten Opp | 5,9 km | 910 m / 15,4 % | IL Ny Von | Sauda, Rogaland | www.hovlandsnuten.no |
3 | 21. juni | Molden Opp | 7 km | 1116 m / 15,9% | IL Bjørn | Marifjøra, Sogn og Fjordane | www.moldenopp.no |
4 | 19. juli | Kvasshovden Opp | 7,,5 km | 1030 m / 13,7% | Ulvik IL | Ulvik, Hordaland | kvasshovdenopp.no |
5 | 2. aug. | Storsylen Opp | 11 km | 1000m / 9,1 % | Tydal IL ski | Tydal, Sør-Trøndelag | www.storsylenopp.com |
Gjesdal Il & | |||||||
6 | 23. aug. | Hilleknuten 1209 | 4,7 km | 640 m / 13,6 % | Nordsjørittet | Sirdal, Vest-Agder | www.hilleknuten.no |
14. sept. | VM - Italia | Cassette di Massa |
Tre av arrangørane er heilt nye i Norgescup-samanheng, medan tre har arrangert cupløp tidlegare. Arrangementsmessig er vi trygge på at cupen er i gode hender, då alle har solid arrangørerfaring.
Totalt består NECON motbakkecup 2014 av 6 løp. For kvar utøvar er 5 av desse løpa teljande når sluttstillinga i cupen skal gjerast opp.
Samanlagtvinnarane i NECON motbakkecup konkurrerar elles om ein samla premiepott på 100.000 kroner.
- Vi trur det vil bli mange spennande løp og duellar i årets cup, og deltaking og resultat i NECON motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til VM i motbakkeløp i Cassette di Massa - Italia 14. september.
Og i og med at alle løpa går i god tid før VM, vil alle i praksis verta å rekna som uttaksløp!
Motbakkeløping er blitt veldig populært dei siste åra og har i det heile hatt ein voldsom vekst. Som bevegelse er dette den raskast veksande i norsk idrett.
Deltakarane konkurrerar både med seg sjølve og konkurrentane. I tillegg får dei med seg fantastiske naturopplevingar.
Deltaking i motbakkeløping er rett og slett eit "løft" til betring av den generelle folkehelsa. Dette har mange oppdaga, og vi trur at mange fleire vil bli med på flotte oppturar i 2014.
Se Motbakke.com for foreløpig terminliste for 2014 - så langt med 112 løp.
* Verdenscup Lahti - Snarveier: Program| TV-tider| Norges Tropp| Startlister| Smøretips| Resultater
* LANGRENN PLUSS (+): Tid for å bli abonnent - Full tilgang på alle de gode sakene