May Brit Buer inn til soleklar seier i Kvasshovden Opp 2014. Arrangørfoto.

May Brit Buer inn til soleklar seier i Kvasshovden Opp 2014. Arrangørfoto.

Buer og Bereket fyrst til topps på Saudehornet

Tomas Bereket var suveren frå start til mål og tok ein klar siger framfor kombinertløpar Ole Martin Storlien i Saudehornet Rett Opp. I kvinneklassa drog også vinnar May Britt Buer tidleg i frå konkurrentane.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

For fyrste gong på tre år var ikkje Saudehornet Rett opp ein del av noregscupen i motbakkeløp. Likevel kom fleire av toppløparane til start, og sytte for eit høgt nivå på bakkeløpet i Ørsta.

Spenninga om sigeren blei likevel ikkje stor. Både Tomas Bereket frå SK Vidar og May Britt Buer frå Gaular IL sikra seg ein god luke frå start på småbåthamna i Ørsta sentrum. Men heilt utsliten var motbakkespesialisten ikkje.

– Eg mista kontakten bakover ganske tidleg, og fekk springe mitt eige løp utan å stresse. Det kan nok også ha påverka tida, sidan eg ikkje hadde nokon eg måtte presse meg mot. Då eg kom i mål var eg eigentleg ikkje så veldig sliten, ler Buer, som likevel sette ny personleg bestenotering med rundt eit minutt.

Frå start av var løyperekorden til Anita Håkenstad frå 2005 på sterke 55.52 i tankane. Men 36-åringen skjønte fort at rekorden ville bli vanskeleg å ta.

– I starten tenkte eg litt på rekorden, for eg følte det gjekk veldig lett opp til halvvegs i løypa. Men då eg kom opp i det brattaste terrenget så gjekk klokka enormt fort. Då skjønte eg måtte sleppe rekorden. Fyrsteplass er eg uansett godt fornøgd med.

– Kor hardt er dette løpet i forhold til andre løp motbakkeløp du spring?

– Saudehornet er ganske tungt. Du har jo Skåla då, som eg nok vil seie er det hardaste, men eg trur dette kanskje kjem på ein god andreplass, smiler vinnaren, som valde å droppe noregscupløpet Storsylen opp som også gjekk i dag.

Valet tok ho av omsyn til familien.

Eg har to små ungar og skulle eg reist til Trøndelag måtte eg ha brukt to dagar ekstra på reising. I tillegg har eg droppa eit løp i noregscupen tidlegare i år også, seier løparen som likevel låg på ein delt andreplass i cupen før dagens løp, 30 poeng bak leiaren Eli Anne Dvergsdal.

Buer vann noregscupen samanlagt i 2012 og 2011. Vinnar av herreklassa Tomas Bereket var langt bak Jon Tvedt sin legendariske løyperekord frå 2007 på 47, 59 i den 5,5 kilometer lange løypa.

---

Saudehornet Rett Opp
Ørsta, Møre og Romsdal - 2. august 2014

Kvinner

1. May Britt Buer, Gaular IL 59:03
2. Therese Sjursen,, Bergen Løpeklubb 1:02:27
3. Merete Weng, BUL 1:03:40
4. May Bente Weng, BUL 1:04:16
5. Merete Helgheim, Gloppen friidrettslag 1:05:35

Menn
1. Tomas Bereket, SK Vidar 53:27
2. Ole Martin Storlien, Mjøsski 56:36
3. Arve Rindal, Eid IL 57:16
4. Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL 57:36
5. Sjur Haug, Ørsta IL 58:14

Komplette resultater


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus