Inger Liv Bjerkreim Nilsen då ho slo alle inkl. 3 tidlegare Norgesmeistrar og ein verdsmeistar i motbakkeløp då ho i fjor vann Skåla 1848m rett opp. Vil ho også i år overraske når ho laurdag deltek i Fanaråken Opp? Foto: Christan Prestegård.

Inger Liv Bjerkreim Nilsen då ho slo alle inkl. 3 tidlegare Norgesmeistrar og ein verdsmeistar i motbakkeløp då ho i fjor vann Skåla 1848m rett opp. Vil ho også i år overraske når ho laurdag deltek i Fanaråken Opp? Foto: Christan Prestegård.

Fanaråken Opp med topp nasjonal og internasjonal deltaking

Laurdag 9. august er det klart for den 12te utgåva av motbakkeløpet Fanaråken Opp med topp nasjonal og internasjonal deltaking. Mål er 2.068 moh ved Fannaråkhytta.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Med over 300 førehandspåmeldte pt. og gode værutsikter ligg det i år an til «reprise» av 10-års-jubileumsløpet Fanaråken Opp www.fanaraaken.com som i 2012 som vart ein knallsuksess og jubeldag med 550 deltakarar frå 10 land og 150 «tilskodarar» på toppen av Fanaråken 2.068 moh i praktfullt vær med sol frå skyfri himmel.

Aldri tidlegare har det vore fleire samla ved nord-europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh og aldri har Fanaråken Opp vore arrangert i flottare vær.

Deltakarane hadde praktfullt utsyn og vidsyn m.a. over 2000 høydemeter rett ned i Sognefjorden/Lustrafjorden, mot Europas største fastlandsisbre Jostedalsbreen med Skagstølstindane/Hurrungane som storslagne kulisser.

Det er dette storslagne utsynet og vidsynet som heile verda assosierer med det beste av Noreg.

Sjå stor bildereportasje med 40 foto på Kondis.no: http://www.kondis.no/jubeldag-for-700-i-fanaraaken-opp.5078183-127693.html

TV2.no publiserte ein artikkel der dei spør om Fanaråken Opp-traseen er Norges vakraste joggeløype: http://www.tv2.no/sporty/loping/er-dette-norges-vakreste-joggeloeype-3835766.html

Fanaråken Opp løypa er kontrollmålt til 8,4 km frå starten på Turtagrø 868moh til mål ved Fanaråkhytta 2068 moh.

Den delen av løypa som TV2.no siktar til er dei siste 4 km av løypa med 1000 m stigning opp til toppen. Store delar av denne løypetraseen er vorte utbetra av Sherpaer frå Nepal som ledd i det omfattande stiprosjektet til Statens Naturoppsyn.

Dette er tilsvarande arbeid og prosjekt som også er utført av i løypetraseen for Skåla Opp. I år er det også ein deltakar, Patrick Maas, frå Nepal i konkurranseklassa. Fjorårsvinnar Tomas Bereket (Eritrea / SK Vidar) er pt. favoritt i herreklassa.

Bereket får hard konkurranse frå m.a. Andrzej Dlugosz frå Polen og Joel Dyrhovden, Samnanger IL.

Dyrhovden som er trippel junior-Noregsmeistar i motbakkeløp vart i fjor nr 4 om lag 2 min bak Bereket.

Skal også bli spennande å sjå korleis skiløparen Kjetil Hagtvedt Dammen, Rustad IL/Team LeasePlan Go kan hevde seg blant motbakkespesialistane.

Dei siste åra har det også vore stor deltaking med høgt nivå i dei yngste aldersklassane under 23 år.

Slik er det også i år med ma. Tommy Haga, Sogndal IL (M20-22) som i år vart nr 3 i Junior-NM i motbakkeløp og Geir Steig, Luster IL ( M 18-19) som vart nr 5 i junior-NM.

I dameklassa er det topp nasjonal deltaking med m.a. fjorårets vinnar av Skåla Opp Inger Liv Bjerkreim Nilsen, SK Vidar/Team United Bakeries, tidl. Noregsmeistar i motbakkeløp May Britt Buer (nr 2 i NM i år) og Merete Weng som i år vart nr 3 i NM i motbakkeløp.

Desse 3 er pt favorittane til pallplassane, men Eva Jurenikova frå Tjekkia som i fjor vart nr 4 i Fanaråken Opp vil også være med i toppen i tillegg til mange sterke motbakkeløparar.

Det skal utbetalast kr 33.000 i pengepremiar til dei beste og løpet har premiar for ein samla verdi på om lag kr. 80.000.

For meir info om premiering, påmelde m.m. sjå www.fanaraaken.com.

---

Då Fanaråken Opp starta i 2003 var løpet, saman med Skåla 1848 m rett opp, med på å dra i gang den nasjonale motbakkeløpsbølgja. Fanaråken Opp er eit fyrtårn for motbakkeløping og topptur for alle i Noreg med mål 2.068 moh. Det er unikt i Noreg.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus