Starten i Haukelirennet 2015. Foto: Magnus Tjønn.

Starten i Haukelirennet 2015. Foto: Magnus Tjønn.

Høg stemning og nye rekordar i Haukelirennet

Tett opp mot tusen store og små gjennomførte ulike distansar i Haukelirennet laurdag.
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Eit flott renn der landslagsløparane Astrid Uhrenholt Jacobsen og Chris Jespersen sette farten på på høg-gir og sette ny løyperekord.

Jespersen vann med eit knapt sekund framfor bestevenen og femmilsvinnaren frå Holmenkollen, Sjur Røthe.

- Gjett om eg får høyre det resten av kvelden, sa ein humoristisk Røthe til speaker rett etter målgang.

Les videre nedenfor bildet
haukelirennet-15-01-f-magnus-tjonn.jpg
Chris Jespersen i gult avgjør Haukelirennet foran Sjur Røthe. Foto: Magnus Tjønn.

Gode førebilete
Landslagsløparane Astrid Uhrenholt Jacobsen, Chris Jespersen og Sjur Røthe varma til barnas store glede opp i Vennerenn-løypa saman med skiløparar frå 2 til 12 år.

Årets VM-debutant og skikomet Ragnhild Haga stilte også opp som motivator og inspirator for dei minste - og det var ikkje fritt for at fleire av barna prøva seg på spurtoppgjer med verdsklassa.

Ungdomsrennet, som starta med hovudfeltet som vanleg, hadde også i år mange unge, sterke løparar med i feltet.

I den 12 kilometer lange løypa var det Julie Meinicke som var raskast i J12-14 medan Martin Hetland Strand tok seieren i G12-14.

I klassa for 15-16 vann Emma Skioldli jenteklassa og Sindre Hydle guteklassa.

God hjelp frå oven
Til alles store glede viste det seg at vêrgudane også var klare for skileik; alle tidlegare meldingar om mykje vind og nedbør viste seg å bli vindstille, delvis sol og mildt vêr.

Løypene heldt seg fyrsteklasses og la eit godt grunnlag for ei god oppleving for dei mange hundre løparane.

Langs traseen gjorde norske flagg, heiarop og blide fjes gode rammer og fantastisk stemning i høgfjellsterrenget.

Spurt og bratt bakke
I Statkraftspurten tok Sjur Røthe toppremien rett framfor Chris Jespersen.

Dei to heldt fylgje gjennom heile den 32 kilometer lange løypa som altså enda i tett duell.

I SR-bakken ned mot mål måtte Røthe sjå seg slått av ein lokal skiløpar i den bratte, utfordrande og forholdsvis blaute bakken ned mot mål.

Her viste nemleg Runar S. Mathisen frå Vinje IL størst mot og fart og var raskast ned av herrene i år.

I dameklassa delte Ragnhild Haga og Astrid Uhrenholt Jacobsen sigaren.

Les videre nedenfor bildet
pall-d-15-01-f-magnus-tjonn.jpg
Kvinnenes seierspall i Haukelirennet 2015, med Astrid Uhrenholdt Jacobsen på topp, Ragnhild Haga ute til venstre som nr. 2 og Hedda Lundeberg Aas. Foto: Magnus Tjønn.

Motiverande
Arrangøren IL Rein har omlag 220 medlemmer og rundt 110 av desse er i sving for å gjere Haukelirennet til eit solid internasjonalt renn.

Me takkar alle som deltok, skapa stemning og gjorde dette rennet til ein svært flott dag!

---

Resultater Haukelirennet - 32 km, fristil
Vinje, Telemark - 11. april 2015

Kvinner

1. Astrid Uhrenholdt Jacobsen, IL Heming 1:20:39
2. Ragnhild Haga, Åsen IL 1:22:13
3. Hedda Lundeberg Aas, IL Skarphedin 1:31:45
4. Brita Cecilie Mustad, IL Hauken/Norcem 1:32:23
5. Margit Wiberg, Otra IL 1:32:40
6. Anne Vatnedalen, Bykle IL 1:34:29

Menn
1. Chris Jespersen, IL Korlevoll - Odda/Team United Bakeries 1:12:45
2. Sjur Røthe, Voss IL 1:12:45
3. Nils Magnus Bøen Grave, IL Korlevoll - Odda 1:15:21
4. Runar S. Mathisen, Vinje IL/Team Synnfjell 1:16:36
5. Sindre Tungesvik, Byåsen IL 1:16:41
6. Henrik Dønnestad, Gulset IF 1:17:31

* Komplette resultater


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus