-->
Damenes seierspall i Hestanipen Opp 2015. Foto: Birte Lee Tveit / Christian Lee Moulin.

Damenes seierspall i Hestanipen Opp 2015. Foto: Birte Lee Tveit / Christian Lee Moulin.

Hestanipen Opp vunnet av Fresvik og Tengsareid

3,5 kilometer og 509 høydemeter var hva arrangørene serverte under Hestanipen opp i Vindafjord i Rogaland lørdag. Skiløper Gaute Kvåle hevdet seg, men seirene gikk til Torstein Tengsareid og Kjersti Fresvik.

Tips en venn  Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Det var eit rekordstort felt som la i veg frå Vikedal sentrum mot Hestanipen laurdag ettermiddag.

Heile 135 deltakarar starta i konkurranseklassen, noko som arrangøren Vindafjord IL er svært godt nøgd med.

I førekant av dette hadde fleire hundre mosjonistar teke turen til topps, både for trimmen sin del og ikkje minst for å heie fram sine favorittar.

Stemninga langs løypa og særleg i målområdet var på topp då dei utslitne motbakkeløparane kryssa mållinja.

Dette var det fjerde løpet i ILDNE motbakkecup (Norgescupen).

Som venta var det Torstein Tengsareid frå Egersund som gjekk av med sigeren i herreklassen med ny løyperekord på sterke 19.48. Han har no festa eit godt grep om samanlagtsigeren i motbakkecupen.

Nærast den suverene vinnaren kom Erling Hisdal frå Tjalve og røldølen Gaute Kvåle, sistnemnde mest kjend for gode prestasjonar i skiløypa.

Fjorårsvinnar og vikedalsbu Ragnar Stølsmark, GTI Stavanger, tok fjerdeplassen, men også han var godt under den gamle løyperekorden.

I dameklassen vart det også ny løyperekord, sett av Kjersti Fresvik frå Gular.

Fresvik forserte den 3,5 kilometer lange løypa på imponerande 25.34, noko som også er ny løyperekord.

På plassane bak følgde Anita Iversen Lilleskare frå Bergen Løpeklubb og Tove Andersen frå Rustad IL.

Komplette resultater alle klasser


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn  Skriv ut


blog comments powered by Disqus