Maren Wangensteen og Lars Erik Skjervheim seiret under Kvasshovden Opp 2015. Foto: Kvasshovden Opp.

Maren Wangensteen og Lars Erik Skjervheim seiret under Kvasshovden Opp 2015. Foto: Kvasshovden Opp.

Kvasshovden Opp vunnet av Wangensteen og Skjervheim - Skjeldal langt fremme

- I herreklassen var det ei gruppe på 4 personar som raskt drog i frå, opplyser Asbjørn Børsheim til Langrenn.com om lørdagens Kvasshovden Opp hvor skiløpere og skiskyttere dominerte i resultatlista. Blant disse finner vi Kristen Skjeldal.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Motbakkeløpet Kvasshovden opp vart arrangert for 8. gong.

Totalt var det nær 200 på toppen av Kvasshovden.

Ca 100 mosjonistar med startnummer tok turen opp for å heia på konkurranseklassen som i år telte 91 påmeldte.

I tillegg var det ein god del folk utan startnummer.

Utfordingane før løpet var store i år med mykje snø og nedbroten skog.

Stor dugnadsinnsats gjorde at me fekk til ei god løype, men måtte legga ho noko om siste kilometeren.

Derfor kan ikkje tidene i år samanliknast direkte med åra før.

I tillegg fekk me ei ny utfordring konkurransedagen med regn og 5 grader på toppen.

Det gjorde sitt til at mosjonsklassen vart mindre enn før om åra.

Men i konkurranseklassen kjempa dei hardt likevel.

I herreklassen var det ei gruppe på fire personar som raskt drog i frå - Lars Erik Skjervheim, Joel Dyrhovden, Vegard Skinnes og evigunge Kristen Skjeldal.

På slutten synte motbakkespesialisten Lars Erik Skjervheim,Voss seg for sterk og vann med over eitt minutt framfor Joel Dyrhovden, Samnanger.

På 3. plass kom Vegard Skinnes, Simostranda.

Kristen Skjeldal gjorde nok ein gong eit flott løp på 4. plass berre 2 minutt etter vinnaren.

I dameklassen leia Maren Wangensteen, Høre/Ryfoss IL frå start til mål og vann med 3 minutt føre ein så god løpar som Hilde Fenne, Voss SSL.

På 3. plass kom Anita Iversen Lilleskare, Bergen Løpeklubb eitt minutt etter Hilde Fenne.

---

Kvasshovden Opp - 7,5 km og 1.030 høydemeter
Ulvik, Hordaland - 18. juli 2015

Kvinner

1. Maren Wangensteen, Høre/Ryfoss IL 1:02:26
2. Hilde Fenne, Voss SSL 1:05:33
3. Anita Iversen Lilleskare, Bergen Løpeklubb 1:06:30
4. Tori Angell, Team Gla’laks 1:06:48
5. Tove Andersen, Rustad IL 1:08:02
6. Stine Fallingen Ødegård, Lyn Ski 1:08:47

Menn
1. Lars Erik Skjervheim, Voss IL 52:37
2. Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden 53:53
3. Vegard Skinnes, Simostranda 54:12
4. Kristen Skjeldal, Voss IL 54:37
5. Joar Turvoll, Vik IL 56:14
6. Hans-Inge Klette, IL Viljar 57:00

Komplette resultater


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus