Illustrasjonsbilde fra starten i Fanaråken Opp. Foto: Andrea Elisbeth Bjørk.

Illustrasjonsbilde fra starten i Fanaråken Opp. Foto: Andrea Elisbeth Bjørk.

Fanaråken Opp samler norske EM- og VM-medaljører

Laurdag 8. august 2015 er det klart for den 13. utgåva av motbakkeløpet Fanaråken Opp, med mellom anna 4 norske medaljevinnarar frå EM og VM i motbakkeløp på startstreken.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Tidlegare år har Fanaråken Opp hatt deltaking frå fleire topp internasjonale motbakkeløparar med medaljar frå EM og VM.

Det har vore deltakarar frå 14 ulike land.

I år er det ikkje naudsynleg å «gå over bekken etter vatn» for å få motbakkeløparar med med topp internasjonale prestasjonar.

I årets EM i motbakkeløp vart Johan Bugge Eidsvåg IL den fyrste nordmann i seniorklassa som vann gull i EM motbakkeløp.

I dameklassa vann Eli Anne Dvergsdal , IL Gular, sølvmedalje (Eli Anne er frå Jølster i Sunnfjord).

Begge desse to er påmelde til Fanaråken Opp.

Før EM i år var det 8 år sidan Noreg vann individuelle medaljar i EM i motbakkeløp då Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, vart både europameistar (motbakkeløp) og verdsmeistar (i langdistanse motbakke-fjelløp).

Anita som no er 47år gamal gjer comeback i Fanaråken Opp.

Anita har løyperekordane i dameklassa i begge dei to løypene som har vore nytta.

Både i den løypa som vart nytta fram t.o.m 2010 (1.05.53 fra 2007) og i den utbedra og noko lengre løypa på 8,4 km med 1.200 meter stigning f.o.m. 2011(1.08.26 fra 2012 ).

Løypa går frå Turtagrø Hotel 868 moh til toppen av Fanaråken 2.068 moh ved Fanaråkhytta - den høgastliggjande turisthytta i Noreg.

Noreg har delteke i EM og VM i motbakkeløp i 10 år (sidan 2005) og på dei åra er det 6 ulike personar som har vunne individuelle medaljar.

50% av medaljevinnarane deltek i Fanaråken Opp 8. august.

Det blir spennande å sjå om Eli Anne Dvergsdal og Johan Bugge kan nærme seg løyperekordane. I herreklassa er gjeldane løyperekord 57,30 frå 2011 (Tomas Bereket , Larvik Turn/ Eritrea).

Pt. kan det sjå ut til at Johan får tøffast konkurranse frå Joel Dyrhovden, Samnanger, som har fleire pall-plasseringar i Fanaråken Opp og 3 NM-gull i motbakkeløp for junior.

Joel var også på det norske juniorlaget som vann sølv i lagkonkurransen i VM motbakkeløp i 2008.

Det har vore mykje snakk om store snømengder i høgfjellet, men løypetraseen ligg slik til at den er så godt som snøfri opp til 2000 moh, men det ligg framleis snø i det siste flatare partiet på om lag 400 meter av løpa.

Løpsdagen vil den snøen som evt ligg att vere så fast og komprimert at den går fint å springe på utan tidstap. Løp blir det.

Arrangør IL Fanaråk satsar i år på «reprise» av 10-års-jubileumsløpet Fanaråken Opp i 2012 som vart ein knallsuksess og jubeldag med 550 deltakarar (350 i trim og 200 i konkurranseklassa) på toppen av Fanaråken 2068 moh i praktfullt vær med sol frå skyfri himmel.

I tillegg var om lag 150 turgåarar med på å laga reine «Tour-de-France-stemninga» på toppen.

Aldri tidlegare har det vore fleire samla ved nord-europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh.

Deltakarane hadde praktfullt utsyn og vidsyn m.a. over 2000 høydemeter rett ned i Sognefjorden/Lustrafjorden , mot Europas største fastlandsisbre Jostedalsbreen med Skagstølstindane /Hurrungane som storslagne kulisser.

Lenker
* Hjemmeside for Fanaråken Opp
* Løypekart, vær, bilder, tidligere resultater og omtaler for Fanaråken Opp
* Oversikt over alle norske motbakkeløp


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus