Illustrasjonsbilde fra Oslos Bratteste. Foto: Aapo Laiho.

Illustrasjonsbilde fra Oslos Bratteste. Foto: Aapo Laiho.

Førde Opp - Finale i motbakkecupen

Det blir knallhard konkurranse om seieren og totalplasseringer når siste løp i Norgescupen i motbakkeløping, Førde Opp, går av stabelen lørdag 29. august med en rekke EM-vinnere og -medaljører på plass.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut
 

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Det siste løpet av totalt seks i årets cup, Førde Opp i Sogn og Fjordane, går av stabelen lørdag 29. august, og arrangøren Førde IL har lagt seg skikkeleg i selen for å laga eit topp arrangement.

Og det er eit solid felt som stiller i årets finale i Ildne motbakkecup.

På startstreken står mellom anna EM-vinnar (årets europameister) for menn senior, Johan Bugge, Eidsvåg IL, EM-vinnar menn junior, Stian Øvergaard Aarvik, Gneist IL og Stoltze-kongen Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Bergen Løpeklubb.

I kvinneklassen stiller EM-sølvvinnar Eli Anne Dvergsdal, IL Gular, som stor favoritt til å ta sigeren i Førde Opp, så vel som i Ildne motbakkecup.

I herreklassen sikra Torstein Tengsareid, Egersunds IK sigeren i Ildne motbakkecup 2015 då han vann Storsylen Opp. Så langt er han ikkje påmeldt i Førde Opp.

Her viI det likevel bli knallhard konkurranse om sigeren i det totalt 2,8 km lange løpet til toppen av Hafstadfjellet (706 m.o.h) og for å få gode sluttresultat i årets Norgescup.

Sjå oppdatert påmelding her.
Resultat og oppdatert poengoversikt etter kvart arrangement.

Om Ildne motbakkecup
ILDNE motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa i ILDNE motbakkecup 2015, inkludert NM, dannar kvart år grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM.

Desse løpa inngår i cupen:
1. Skuggenatten Opp* - 4,3 km/456 m/10,6% - Treungen, Telemark
2. Hovlandsnuten Opp - 5,9 km/910 m/15,4% - Sauda, Rogaland 
3. Gullfjellet Opp - 8 km/987m/12,3% - Bergen, Hordaland 
4. Hestanipen Opp - 3,5 km/509 m/14,5% - Vikedal, Rogaland
5. Storsylen Opp - 11 km/1000m/9,1% - Tydal, Sør-Trøndelag
6. Førde Opp - 3,9 km/704 m/17,9% - Førde, Sogn og Fjordane
* NM = Norsk meisterskap.

Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil fem av dei seks arrangementa telja i poengsamandraget.

Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000,- Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus