Ultimate Ski Team i Haukelirennet 2016. Foto: Ultimate privat.

Ultimate Ski Team i Haukelirennet 2016. Foto: Ultimate privat.

Haukelirennet endrer klasseinndelingen

Haukelirennet får flere klasser fra og med vinteren 2017.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Ny inndeling for ungdomsklassa i Haukelirennet

Vinteren  let vente på seg over store delar av Noreg, men skisesongen går sin gang, og mange renn har blitt gjennomført under strålande forhold. Hovden har hatt flotte treningsforhold, og Svarstad, Konnerud og Kollen har tatt imot skientusiastar frå heile Sør-Noreg.

Oslo skifestival mønstra om lag 2400 løparar i Holmenkollen sist helg, så interessa blant unge skiløperar i Noreg er formidabel.

Haukelirennet 2017 går i år laurdag 25. mars. 

Grunna NM del 2 og påske, kjem me i år litt tidlegare enn før. I fjor hadde Haukelirennet ny deltakarrekord, og det var stas å sjå at mange unge talent tok vegen til Haukelifjell.

Ungdomsklassa har vore frå 12 – 16 år i ei klasse, men etter konstruktive tilbakemeldingar har me bestemt oss for å dele i aldersklasser frå 12 til 16 år blant jenter og gutar. Då vil dei yngste ha moglegheit til å konkurrere innanfor sitt alderstrinn.

I 2016 hadde me besøk av Ultimate Skiteam frå Oslo/Akershus. I dette teamet finn me nokon av landets beste 15 åringar, og dei tok også dobbeltsiger med brørne Nikolai og Aleksander Elde Holmbo.

Teamet har så langt i år synt veldig gode resultat og har herja i toppen på alle renn i austlandsområdet. Sist helg i Kollen tok dei fleire pallplasseringar.

Teamet seier til Haukelirennet at dei likte å gå turrenn i skøyting. Dei syns det var moro å få gå i same startfelt som eliteløparane, og at dei gjerne vil gå Haukelirennet igjen.

Av andre ungdommar som gjekk Haukelirennet i fjor, har Telemark / Vestfold løparane Lukas Jordbru, Amund Aalvik, Maja Kjærås Moland, Ingerid Vadder, Sigrid Vinjerui og Fredrik Hoksrud Myhre opna sesongen strålande.

Påmeldinga til Haukelirennet 2017 er opna, og me ynskjer nye og gamle deltakarar velkommen til Haukelifjell skisenter laurdag 25. mars.

* Hjemmeside for Haukelirennet med masse ytterligere informasjon


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut