-->
BLINK direktelinker rett under nyhet nr. 2
RESULTATER: Meråker Mountain Challenge| Andre konkurranser
Chris Jespersen på samling med skilandslaget i Val Senales høsten 2014. Foto: Birk Eirik Fjeld.

Chris Jespersen på samling med skilandslaget i Val Senales høsten 2014. Foto: Birk Eirik Fjeld.

Chris Jespersen: - Eg kan gå til eg er 40

Med videointervju

Chris Jespersen ser ikkje bort i frå at han kan ta ein "Bjørndalen" å halde på heilt til han er 40. 31-åringen er inne i sitt fyrste år på landslaget og er motivert for å satse i mange år framover.

Tips en venn  Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

I fjor var endeleg Chris Jespersen stabilt i verdstoppen gjennom ein heil sesong.

Han har vore oppi der tidlegare også, juniorverdsmeisteren frå 2003. Men han har stort sett slite med å fylgje opp topplasseringar frå Beitostølen og tidlege verdscuprenn som fjerdeplassen i Gällivare i 2010, vidare i sesongen.

I vinter snudde det for mannen som då var ein del av Team United Bakeries. I Davos før jul sikra han seg sin fyrste pallplassering, då han berre var 3,3 sekund bak franske Maurice Manificat etter tre mil skøyting.

Seinare var det berre Martin Johnsrud Sundby som var betre enn han i Tour de Ski, han endte til slutt på fjerdeplass i verdscupen samanlagt og kom heim frå OL med ein respektabel sjetteplass frå 15 kilometer klassisk.

Då blei det endeleg rom for Korlevoll-løparen på landslaget. Og satsande skiløpar kan han tenkje seg å vere lenge.

- Så lenge eg går fort nok kjem eg til å satse. Eg går til eg er 40 eg, viss eg framleis går fort nok til å leve av dette her. Eg stortrivst med det eg held på med, seier Jespersen.

Motivasjonen sliter han iallfall ikkje med. No er klar for å jakte på sin fyrste meisterskapsmedalje.

- Eg har veldig lyst på ein medalje i Falun.

- På kva slags distansar ser du for deg å ha størst sjanse?

- Det er 15 kilometer fri, utan tvil. Distansen, stilarten og at det er enkeltstart passar meg godt, meiner Jespersen.

Høge ambisjonar har han også i Tour de Ski som denne sesongen startar 3. januar.

- Tour de Ski er viktig for meg. Eg blei nummer to i fjor og har ikkje lyst til å gjere det så veldig mykje dårlegare. Er eg på pallen i Tour de Ski og tek medalje i Falun skal eg vere veldig happy når sesongen er over, slår Odda-mannen fast.

Sjå videointervjuet med Chris Jespersen frå landslagssamlinga i Val Senales under.


Film fra Langrenn.com - LangrennsTV på YouTube. Foto/redigering: Gjermund Midtbø.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn  Skriv ut


blog comments powered by Disqus