Klart for start i Åslandsbakkane Opp 2018. Foto: Eivind Arne Bjaaland.

Klart for start i Åslandsbakkane Opp 2018. Foto: Eivind Arne Bjaaland.

Åslandsbakkane Opp: Nye løyperekorder og seire til Nordlunde og Turtveit

Team Veidekke Vest og Team Telemark møttes til dyst i Åslandsbakkane Opp lørdag.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Få hele Langrenn +


Kjøp abonnement - Rask tilgang alle artikler
Velg uke, måned, 3 måneder eller år.

* Abonnement bestilles raskt i dette vinduet!

Allerede abonnent, logg inn via vinduet under:

Uleselig tekst

Eivind Arne Bjaaland, trener i Team Veidekke Vest, rapporterer følgende til Langrenn.com etter Åslandsbakkane Opp 2018:

Team Veidekke Vest og Team Telemark kjempa ein prestisjefull duell under rulleskirennet i Fyresdal i Telemark.

Det var to spurtprisar undervegs, på 3 og 6 km. Torstein Bu vann den fyrste for menn medan Sivert Knotten tok den andre. På damesida tok Amalie Honerud Olsen likegodt begge to.

Alt vart avgjort i den siste to km lange stigninga med 9% i snitt. Gaute Kvåle sette høg fart i botnen av bakken og sprengte feltet. Vebjørn Turtveit og Henrik Dønnestad holdt fylgje medan resten av feltet sakka akterut.

Dei siste 200 meterane støta Turtveit og avgjorde løpet, Kvåle vart nummer 2 medan Dønnestad sikra seg 3.-plassen.

På damesida drog Karoline Simpson-Larsen feltet store delar av løpet men Mari Nordlunde og Susann Sagstuen tok dei to fyrste plassane etter å ha rykka ifrå dei siste hundre meterane.

Vinnerane fekk med seg 3000 kr kvar medan 2. og 3.plass fekk 2000,- og 1000,-. Alle som vann spurtprisar fekk 1000 kr kvar, det same fekk Turtveit og Nordlunde for ny løyperekord.

Alt i alt eit flott arrangement med hard kniving og flotte duellar.

* Komplette resultater


* Langrenn Pluss (+): Ekstra godt stoff og fyldigere artikler
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus