Øystein Sylta viste muskler og vann Norgescupløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda  i et tidligere år. Foto: Per Inge Fjellheim.

Øystein Sylta viste muskler og vann Norgescupløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda i et tidligere år. Foto: Per Inge Fjellheim.

Klart for NECON motbakkecup 2014

Med torsdagens 2,1 kilometer lange løp og 400 høydemeter i Løvstakken Opp smeller norgescupen for motbakkeløp i gang.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Få hele Langrenn +


Kjøp abonnement - Rask tilgang alle artikler
Velg uke, måned, 3 måneder eller år.

* Abonnement bestilles raskt i dette vinduet!

Allerede abonnent, logg inn via vinduet under:

Uleselig tekst


Artikkel publisert i samarbeide med Motbakke.com.

Konsulent- og engineeringselskapet NECON held fram som sponsor for den tradisjonsrike motbakkecupen.

NECON motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping, og dei utvalgte løpa i NECON motbakkecup 2014 (som òg inkluderer NM), dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM, VM og Grand Prix.

Eit nytt år, og ein ny motbakkeløps-sesongen bankar på døra, og det har vore bra konkurranse om å arrangera løpa i neste års cup.

- Vi har hatt omlag 20 søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, seier Narve Heggheim, nestleiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

Desse løpa er tildelt arrangement i NECON motbakkecup 2014:

Nr. Dato Løp Distanse Stigning Arrangør Sted Nettadresse
1 29. mai Løvstakken Opp 2,1 km 400 m  / 19 % Varegg IL Bergen, Hordaland www.lovstakkenopp.no
2 + NM 14. juni Hovlandsnuten Opp 5,9 km 910 m / 15,4 % IL Ny Von Sauda, Rogaland www.hovlandsnuten.no
3 21. juni Molden Opp 7 km 1116 m / 15,9% IL Bjørn Marifjøra, Sogn og Fjordane www.moldenopp.no
4 19. juli Kvasshovden Opp 7,,5 km 1030 m / 13,7% Ulvik IL Ulvik, Hordaland kvasshovdenopp.no
5 2. aug. Storsylen Opp 11 km 1000m / 9,1 % Tydal IL ski Tydal, Sør-Trøndelag www.storsylenopp.com
          Gjesdal Il &    
6 23. aug. Hilleknuten 1209 4,7 km 640 m / 13,6 % Nordsjørittet Sirdal, Vest-Agder www.hilleknuten.no
               
  14. sept. VM - Italia        Cassette di Massa  


Tre av arrangørane er heilt nye i Norgescup-samanheng, medan tre har arrangert cupløp tidlegare. Arrangementsmessig er vi trygge på at cupen er i gode hender, då alle har solid arrangørerfaring.

Totalt består NECON motbakkecup 2014 av 6 løp. For kvar utøvar er 5 av desse løpa teljande når sluttstillinga i cupen skal gjerast opp.

Samanlagtvinnarane i NECON motbakkecup konkurrerar elles om ein samla premiepott på 100.000 kroner.

- Vi trur det vil bli mange spennande løp og duellar i årets cup, og deltaking og resultat i NECON motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til VM i motbakkeløp i Cassette di Massa - Italia 14. september.

Og i og med at alle løpa går i god tid før VM, vil alle i praksis verta å rekna som uttaksløp!

Motbakkeløping er blitt veldig populært dei siste åra og har i det heile hatt ein voldsom vekst. Som bevegelse er dette den raskast veksande i norsk idrett.

Deltakarane konkurrerar både med seg sjølve og konkurrentane. I tillegg får dei med seg fantastiske naturopplevingar.

Deltaking i motbakkeløping er rett og slett eit "løft" til betring av den generelle folkehelsa. Dette har mange oppdaga, og vi trur at mange fleire vil bli med på flotte oppturar i 2014.

Se Motbakke.com for foreløpig terminliste for 2014 - så langt med 112 løp.


* Langrenn Pluss (+): Ekstra godt stoff og fyldigere artikler
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus