Torstein Tengsareid. Foto: Britt Merete Aase og Lars Eirik Aase / Creo-x AS.

Torstein Tengsareid. Foto: Britt Merete Aase og Lars Eirik Aase / Creo-x AS.

Noregscupleiaren gjev deg sine best motbakketips

- Spring så lenge du kan, men ikkje over evne, seier landets beste motbakkeløpar, Torstein Tengsareid. Han gjev Langrenn.com tipsa for korleis ein skal leggje opp løpstaktikken før ein skal gje seg laus i eit av dei mange harde motbakkeløpa.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Velkommen til Pluss-seksjonen!


Tegne abonnement
4 alternativer for abonnement; Uke, måned, 3 måneder eller år.

* Abonnement bestilles enkelt via denne linken!

* Enda bedre og fyldigere innhold finner du i vår Pluss-seksjon. Fremhever spesielt biblioteket av fagartikler om trening, styrke, utstyr, smøring, teknikk etc.

Tegne abonnement Langrenn.com Pluss

Om du har abonnement logger du deg inn via vinduet nedenfor.

Uleselig tekst

Han tronar øvst på samanlagtlista i noregscupen i motbakkeløp, Torstein Tengsareid. Egersund-løparen vann heile cupen i fjor, og ser i år ut til å liggje godt an til å gjenta suksessen.

Når to løp gjenstår har han 60 poengs leiing ned til toar Stian Aarvik Øvergaard. 25-åringen er naturleg godt fornøgd med sesongen.

– Det har gått veldig bra til no i år – eg leiar motbakkecupen og føler forma framleis er god, seier Tengsareid.

Men motbakkeløp er langt i frå berre til for dei som heng med heilt i toppen. Løpa blir berre større og større kvart år, og mange skiløparar – eliteutøvarar som mosjonistar brukar konkurransane som ein del av treninga si.

Men korleis skal ein eigentleg legge opp løpet? Kva slags taktikk løner seg, kor hardt kan ein opne og bør ein eigentleg gå i dei brattaste partia?

Landets for tida leiande motbakkeløpar har svara
– Fyrst og fremst er det viktig å tenkje på at ein ikkje kan springe over evne. Er du ikkje blant dei beste bør ein ta det med ro i starten og ikkje stresse med å fylgje dei beste. Det kjem også veldig an på korleis løypa ser ut, bakkeløpa i Noreg er veldig varierande. Eg brukar å gå inn på løypeprofilen før start for å sjå kor eg kan utnytte styrkene mine og svakheitene til konkurrentane mine best mogleg, fortel han.

Styrkene sine finn Egersund-løparen i dei litt slakare løypene der ein kan springe mest mogleg. Farta og evna til å akselere ser Tengsareid på nokon av dei viktigaste eigenskapane hans som motbakkeløpar. Sjølv om også han til tider er nøydd til å gå, ser han på det som viktig å halde trykket oppe.

– For min del prøvar eg å springe så lenge eg kan. Viss ein er sterk nok til det, vil eg seie det alltid er ein fordel å unngå og måtte gå.

– Men går det ikkje like fort å gå i dei brattaste partia?

– Det gjer det nok ofte. Men det er vanskelegare å slå om og akselere, og lettare å bli stiv viss ein har starta å gå. Eg ville anbefalt å halde trykket og rytmen opp sjølv om ein er sliten.

Sjølv for ein løpar med mål om VM-deltaking seinare i haust, er det frykteleg tungt undervegs og hardt psykisk.

– Psykisk er det utruleg tungt – det mentale er derfor veldig viktig i motbakkeløp. Ein kan tape ein del på å bomme på takten og steget når ein er på sitt mest slitne og eigentleg har mest lyst til å gå. Då er det viktig å fokusere på å halde frekvensen oppe.

Les videre nedenfor bildet
lopebilde-xx-02.jpg
Torstein Tengsareid i farta mot toppen. Foto: Privat.

Laurdag går startskotet for to store motbakkeløp
Saudehornet rett opp i Ørsta er eit av dei brattaste i landet med stigning på 1.304 meter på 5,6 kilometer, og har mellom anna Oddvar Brå på startlista.

Noregscupløpet Storsylen opp i Tydal i Sør-Trøndelag er ikkje mykje dårlegare med 1.000 bratte meter å forsere. Der har Torstein Tengsareid mål om å forsvare noregscupleiinga, men kjem til å få hard kamp av fleire langrennsløparar i tillegg til noregseliten i motbakkeløp.

– Målet er pallplassering. Det er ein litt spesiell løypeprofil der mesteparten av stigninga kjem på dei to siste kilometrane. Blir spennande å sjå korleis løpet utviklar seg, avsluttar noregscupleiaren.

Se også
* Bli god til å løpe motbakkeløp.
* Niklas Dyrhaug venter rekorder i Storsylen Opp.


VM Sykkel Bergen:
* ProgramStartlisterResultater

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus