Johan Bugge troner øverst på pallen etter EM i motbakkeløping i Portugal i juli 2015. Foto: Norges Friidrettsforbund.

Johan Bugge troner øverst på pallen etter EM i motbakkeløping i Portugal i juli 2015. Foto: Norges Friidrettsforbund.

EM i motbakkeløping ga 2 gull og 1 sølv

Dei norske motbakkeløparane stod for fantastiske prestasjonar i Europameisterskapet (EM) i motbakkeløping i sommarvarmt og fint vestlandsver i Porto Moniz på Madeira.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Få hele Langrenn +


Kjøp abonnement - Rask tilgang alle artikler
Velg uke, måned, 3 måneder eller år.

* Abonnement bestilles raskt i dette vinduet!

Allerede abonnent, logg inn via vinduet under:

Uleselig tekst

«Hei. Har du fått det med deg. Jeg har ikke ord», startar lagleiar og tidlegare storløpar Jarl-Gaute Aase rapporten sin frå EM i Portugal i dag.

Fyrst ut var kvinner junior.

Her fekk diverre meisterskapsdebutant Hanne Mjøen Maridal frå Vollan I.K. i Oppdal det tungt.

Ho gjorde eit løp langt unna det ho forventa. Men, ho gjennomførde det 4 km lange løpet med 400 m stigning, og skaffa seg nytting meisterskapserfaring.

Hanne følte seg uvelunder løpet, og vil difor gjennomgå legekontroll når ho kjem heim.

Etter den innleiande nedturen, skulle resten av meisterskapet fortona seg som ein kjempeopptur for dei norske utøvarane.

I neste start, klassen kvinner senior, sprang nemleg meisterskapsdebutant Eli Anne Dvergsdal frå Gular IL inn til ein glimrande andre plass, berre slått av fleire gonger tidlegare europa & verdensmeister Andrea Mayr frå Østerrike.

Tida til Eli Anne blei 53,05 min.

I kvinneklassen sprang elles Merete Weng frå IL i BUL inn til ein flott 22. plass med tida 57,22 min i konkurranse med 52 av Europas beste kvinner.

Og EM-oppturen skulle halda fram.

I klassen menn junior, sprang nemleg Stian Øvergaard Aarvik frå Gneist IL inn til klar siger med tida 48,17 min i det 8,2 km lange løpet med 850 m stigning.

Han var med rundt 50 sek føre dei to tyrkarane Abdullah Yorulmaz og Mustafa Gøksel.

Daniel May Instanes frå Varegg fleridrett fekk sin internasjonal debut med ein strålande 17. plass i sist fyrste EM.

Tida hans blei 53,55 min og Daniel gjorde ein flott prestasjon i konkurranse med 41 av Europas beste juniorar.

I klassen menn senior, både overraska og krona Johan Bugge frå Eidsvåg IL frå Nesset kommune i Møre og Romsdal det heile, ved å ta sigeren framføre tidlegare Europameistrar og World Cup vinnarar.

Tida hans blei 1,02,35 t i det 11,8 km lange løpet med 1250 m stigning.

Med den tida var han 14 sek framføre nummer to David Schneider, Sveits, og 21 sek føre nr tre Alex Baldaccini, Italia.

I herreklassen sprang elles Torstein Tengsareid frå Egersunds I.K. inn til ein flott 21. plass med tida 1,06.39 t i konkurranse med 66 av Europas beste menn.

Resultata i EM overgår alle ambisjonane og forventningane vi hadde før meisterskapet, og vi er stolte av både prestasjonane og utøvarane våre!

Resultata i EM, saman med Stian Hovind-Angermund, Varegg fleridrett og Thorbjørn T. Ludvigsen, Bergen Løpeklubb, og fleire andre sine fantastiske resultat i løpsfestivalen Mont Blanc Marathon nyleg, syner at norsk motbakkeløping for alvor har teke skrittet opp i den internasjonale motbakkeeliten, seier Jostein Hatteberg, leiar i Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

* Komplette resultater alle klasser


* Langrenn Pluss (+): Ekstra godt stoff og fyldigere artikler
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus