Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Nordmann er Ilia Chernousovs trenar
– Eg vidarefører den gode gamle såkalla Meråker-modellen. Det er ikkje noko hokus-pokus som skal til for å bli best, seier Vegard Bitnes til Langrenn.com.
Skiskyttertrenar Vegard Bitnes frå Meråker har tatt over treneransvaret for den russiske OL-medaljøren Ilia Chernousov. Formelt sett er han no russisk landslagstrenar.
I tre år har Bitnes vore landslagstrenar på det sveitsiske skiskyttarlandslaget.
Han har hatt ansvaret for dei sveitsiske jentene som verkeleg fekk sitt gjennombrot denne sesongen.
Selina Gasparin tok sølv på normaldistansen og gifta seg seinare med ein annan medaljevinnar frå Sotsji-leikene. Brudgomen heitte Ilia Chernousov og no er dei ikkje berre gift – dei har også felles trenar.
Nordisk tilnærming
- Ilia er ein fantastisk løpar. Eg trur dei fleste i langrennssirkuset også kan bekrefte at han er ein veldig ålreit type, seier Vegard Bitnes.
Meråkerbyggen har akkurat avslutta eit møte og tek telefonen frå heimstaden St. Moritz.
I heile sommar har han fylgd russaren på trening rundt om i Engadin-dalen.
Etter sesongslutt gjekk 27-åringen ut av privatlaget han har vore på saman med Aleksander Legkov sidan 2011.
Chernousov ville prøve noko nytt på sine eigne premissar, fortel den nye trenaren hans.
- Han ville gjerne prøve ein nordisk tilnærming og kontakta meg i vår. Han ynskte ein ny kvardag der han kunne opphalde seg mest mogleg på heimstaden her i Sveits.
Sidan tidleg i vår har me samarbeida og etter kvart har det eskalert til at eg har blitt hans personlege trenar.
Det førte til at landslagssjef Jelena Välbe tok turen til Sveits, for å få på plass ei avtale med nordmannen.
- Per definisjon er eg no russisk landslagstrenar med ansvar berre for Ilia Chernousov. Det russiske forbundet har full tiltru til samarbeidet vårt, fortel Bitnes.
Det samarbeidet har til no vore ein spennande erfaring både for trenaren og mannen med VM-bronse frå 30 kilometer skiatlon i Holmenkollen og bronse frå årets OL-femmil.
- Han verkar til å vere godt fornøgd. Som trenar har eg lært ekstremt mykje – og lærer noko nytt kvar dag. Eg er audmjuk og takknemleg for oppgåva eg har fått og håpar å tilføre det eg kan.
Les videre nedenfor bildet
Ilia Chernousov underveis i Tour de Ski sist vinter på etappen Cortina-Toblach. Foto: Felgenhauer/NordicFocus.
Meråker-modellen
Trønderen vil ikkje gjere noko revolusjonerande med treningsplanen til den russiske stjerna. 31-åringen meiner han har eit trenarhovud som viser kor han kjem i frå.
- Eg vidarefører den gode gamle såkalla Meråker-modellen. Det er ikkje noko hokus-pokus som skal til for å bli best, det er den gode gamle klassiske langrennstreninga me held oss til. Eg er så gamaldags at eg tenkjer at det me gjer bra – det fortsett me med.
Etter OL-suksessen i heimlandet sleit Chernousov mykje med sjukdom og kom aldri til start i fleire skirenn etter den avsluttande femmila der han spurtslo Martin Johnsrud Sundby.
Derfor har mykje av sommaren blitt brukt for å trene seg opp etter sjukdomsavbrekket. No er 27-åringen klar til å teste nivået mot Petter Northug og resten av noregseliten under Toppidrettsveka neste veke.
- For Ilia blir desse konkurransane viktige med tanke på at me bur og trenar i høgda. No får han nytta høvet til å gjennomføre tøffe konkurransar i låglandet. Det kjem jo eit meisterskap i Falun han har lyst til å gjere det bra i.
Språkmektig
På reisa mot dei viktige februardagane i Sverige vil han ha ein meråkerbygg tett på seg.
Bitnes vil framleis ha trenaransvar for dei sveitsiske skiskyttarjentene, men til vinteren vil han fylgje russaren på alle verdscuparenaene. Då er det godt han er trenar for den kanskje mest språkmektige av dei russiske langrennsløparane.
- Då eg fyrst blei kjent med han for nokre år sidan sleit eg med å forstå kva han sa på engelsk. No er engelsken hans sikkert 2000 prosent betre. Ein merkar knapt han er russisk.
Sjølv har han oppgradert skuletysken eit par hakk etter nokre år i dei sveitsiske alpar.
- Den heldt ikkje mål i starten, men no beherskar eg det greitt. Kommunikasjon er utruleg viktig for meg som trenar og for meg er det no nesten ein fordel å kommunisere med løparane på tysk. Ein må tenkje mykje meir over kva ein seier når det ikkje er morsmålet sitt, noko ein nok ikkje alltid gjer i tilbakemeldingane på norsk, forklarer han.
Bitnes er ikkje i tvil om at han trivst i begge dei to trenarjobbane i alpelandet.
- Eg råtrivst. Å vere trenar i utlandet har alltid vore noko eg har vore nysgjerrig på og hatt lyst til, seier ein fornøgd sveitsisk og no russisk landslagstrenar.
▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒å ▒▒▒å▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒-▒▒▒▒▒▒ø▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒.
▒ ▒▒▒ å▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒ø▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒å ▒▒▒▒▒▒-▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ – ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒å ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Mest lest
Det digitale hjemmet for utøvere og fans
Bli medlem og bli en del av ski-fellesskapet
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages