Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Sjur Røthe vil droppe Touren
Sjur Røthe vil ofre Tour de Ski for å nå formtoppen seinare enn i år. Han seier til Langrenn.com at han går tilbake til suksessformelen som gav han VM-medalje i Val di Fiemme 2013.
Fjerdeplass i Tour de Ski og sølv i NM blei dei to store høgdepunkta denne sesongen for Sjur Røthe. Dagane i Sochi som skulle krone sesongen, enda i staden i ein bitter heimreise. No vil han slå tilbake.
Lærer av Sundby
- Eg er heilt klart revansjesugen og gira på å slå tilbake, seier Røthe.
Han sit i bilen på veg heim til Voss, etter eit par feriedagar i Tønsberg. Vossingen ferierte nok ikkje heilt som andre i sommarbyen. Mandag stod langtur på rulleski med Team Centric-gutta på ferieplanen.
- Ein relativt roleg tur i dag, med nokre innlagte drag. Men eg prøva å snappe opp nokre tips frå Aukland-gutta. Dei har utruleg mykje å kome med.
Det er ikkje berre frå langløpsbrørne Røthe snappar opp tips frå. 26-åringen har gjort endringar i treningsopplegget sitt etter råd frå lagkamerat og verdas beste skiløpar førre sesong, Martin Johnsrud Sundby.
- Martin er utruleg flink til å inkludere oss andre i treningsarbeidet sitt. I fjor hadde han god erfaring med å leggje inn litt fleire økter med høg intensitet i enkelte periodar. Totalt sett skal eg derfor trene litt meir og litt hardare i år. Det blir blant anna fleire I-3 økter. Ikkje akkurat no i sommar, men eg har gjort det i vår og vil fortsette utover hausten og vinteren, fortel Røthe som i juli månad trenar mellom 95 og 100 timar.
NM-form i Falun
Han har trua på at det skal halde langt. Heilt til topps i dei to store måla denne sesongen. 15 kilometeren og 30 kilometer skiathlon under VM i Falun. Då skal han ikkje ha ein tung tour i beina.
- I år var eg på mitt beste under NM på Lillehammer. Eg klarte ikkje heilt å finne flyten etter det. Eg kan ikkje vite sikkert om det var belastninga frå touren som gjorde at eg ikkje fann toppforma i OL, men eg hadde veldig god erfaring frå Val di Fiemme, seier landslagsløparen.
Bronsemedaljen frå tremila og stafettgullet i VM 2013 kom etter ein sesong utan deltaking i etappeløpet. Som så mange andre har gjort med hell før han, står han derfor over høgdepunktet rundt årsskiftet neste sesong.
- Det er iallfall plan A. Plutseleg kan eg jo stå på startstreken likevel, men slik eg ser det no er eg viljug til å ofre Tour de Ski. Har eg forma eg hadde i NM i år, kan det gå veldig bra i Falun, slår han fast.
Aldri vore så ivrige
Endringar er det også å sjå på landslaget. Berre Eldar Rønning, Martin Johnsrud Sundby og Sjur sjølv er igjen av løparane frå fjoråret, men treningsiveren har aldri vore større, meiner Røthe.
- Eg var veldig spent på førehand, sidan halve laget blei skifta ut. Til no har det vore veldig bra. Trenarane våre har skrudd laget saman på ein god måte. Me har mange sterke personlegdommar på laget som bidreg med mykje og er veldig offensive. Treningsiveren har aldri vore større i den tida eg har vore på landslaget. No må me heller passe på å halde kvarandre igjen, fortel han.
Lagkameratane ser han igjen på samling på Lillehammer i byrjinga av august. Då har mange av dei allereie lagt bak seg harde fightar på Blink-festivalen i Sandnes. Der skal også Sjur Røthe konkurrere, men bortsett frå eit par motbakkeløp er det dei einaste konkurranse me får sjå vossingen i før snøen kjem.
▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒ø▒▒ ▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒ø▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒ø▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒, ▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒å ▒▒▒▒▒▒▒.
▒æ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒
- ▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒å å ▒▒å ▒▒▒▒▒▒▒, ▒▒▒▒▒ ▒ø▒▒▒.
▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒, ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒ø▒▒▒▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒-▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒.
- ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒▒, ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒. ▒▒▒ ▒▒ ▒▒ø▒▒ å ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒`
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Mest lest
Det digitale hjemmet for utøvere og fans
Bli medlem og bli en del av ski-fellesskapet
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages