Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Test av Swix Vistech jakke og tights
Tidlegare i år kom Swix med ein eigen rulleskikolleksjon som du nærmast ikkje kan ha unngått å sjå langs vegane i haust. Langrenn.com har testa jakke og tights og meiner den passar like godt til løpeturar i mildt vinterver som rulleskitrening på kalde haustdagar.
Produktomtale
I samarbeid med mellom anna Trygg Trafikk lanserte Swix tidlegare i år sin fyrste reine rulleskikolleksjon med fokus på å bli sett i trafikken.
Kolleksjonen som omfattar jakke, tights, vest og treningstrøye er nemleg nærmast å rekne som ein einaste stor refleks.
Med dei gule treningskleda på deg kan du berre gløyme å skjule dei aukande treningsmengdene for naboen og den største konkurrenten i turrenna til vinteren.
For med Swix Vistech-kolleksjonen blir du sett både på dagtid og i mørket.
Det er også sjølvsagt hovudmålet med kolleksjonen som er dei fyrste treningskleda i Noreg som har fått CE-godkjenning.
Det betyr at kleda er godkjent etter EØS-standarden som gjeld vernetøy til fritidsbruk og i praksis gjer at ein er like synleg som vegvesenet når ein trenar langs vegane i mørket.
Noko også Langrenn.com sitt testpanel kan bekrefte etter å ha testa jakka og tightsen i kolleksjonen.
Kleda er testa både på rulleski og på løpeturar. På hurtige turar, langturar og intervalløkter. I kaldt, vått og mildt haustver.
Les videre nedenfor bildet
Testing av Swix Vistech, både jakke og tights, i full gang. Foto: Eirik Kroken.
Tights
Tightsen sitt godt på og fungerer like godt på løpeturar som på rulleski. Den er behageleg å ha på, men somme vil kanskje meine den strammar litt for mykje enkelte plassar på beina.
Buksa transporterer fuktigheit godt og fungerer derfor godt sjølv om regnet høljar ned. Men den er rekna som eit sommar og haustalternativ og kan nok bli litt for kald når gradestokken nærmar seg dei blå gradene.
Jakke
Jakka oppfyller mange av dei same kriteria. Den har ei god passform, er god å ha på utan å vere for tett på eller for vid. Ein kan også enkelt stramme inn nedst på jakka.
I byrjinga synest me det var rart at jakka ikkje hadde lommer på sidene. Men etter ein del prøving verkar den eine lomma som er høgare oppe midt på jakka som ein vel så god løysing. Der kan ein ha mobil og nyklar utan at dei hoppar og irriterer undervegs.
Langrenn.com opplever den også som eit svært godt alternativ til løpejakke haust som vinter.
Med dei svært synlege refleksane slepp ein å hugse på refleksvesten kvar gong ein skal ut på løpetur. I Vistech-jakka er du uansett synleg.
Jakka er vindtett, noko som er svært godt på lange stakeøkter i motvind. Akkurat som tightsen transporterer jakka fukt svært godt.
Les videre nedenfor bildet
Synlighet og trafikksikkerhet er viktige stikkord for Swix Vistech.
Konklusjon
Det som kanskje trekk ned og kan vegre frå å kjøpe kleda er kanskje også det som er den største fordelen.
Nokon vil kanskje meine ein blir litt for godt sett i denne kolleksjonen. For i reflekslysande gul tights og jakke er det ingen tvil om at ein blir lagt merke til.
Det er sjølvsagt også meininga i utviklinga av kolleksjonen og det er bra og viktig at Swix har gjort sitt til at det er lettare å vere synleg i trafikken for rulleskiløparar.
Men på dagtid kan nok ein heildekkjande gul drakt frå topp til tå for mange vekkje litt for mykje uynskt merksemd. Då kan ein kanskje heller velje å berre gå for jakka og framleis vere godt synleg for bilistane.
Prisen på kolleksjonen er ganske så høg (jakke, kr 2.299,- / tights 899,-).
Du kan nok finne produkt som er like gode og funksjonelle til ein lågare pris. Men kombinasjonen refleks og treningstøy er Swix ganske så aleine om.
Det er heilt klart du får klede som er gode og behagelege å trene i, som held deg varm og tørr og ikkje minst det viktigaste av alt – gjer deg synleg i trafikken.
Produktene fra serien Swix Vistech som er testet av Langrenn.com.
▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒
▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ å▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒å å ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒, ▒▒▒▒▒▒, ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ø▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒æ▒▒▒▒▒ å ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒ø▒▒▒ å ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒ø▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒-▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒å▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒ ▒ø▒▒▒▒.
▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒å ▒▒ø▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒å▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ρ
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Mest lest
Det digitale hjemmet for utøvere og fans
Bli medlem og bli en del av ski-fellesskapet
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages