Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Veit kva som må til for VM-suksess
Kominertløpar Magnus Krog har planen klar for korleis han skal gjenskape OL–suksessen i Falun. Han må berre overbevise landslagsleiinga.
- Det er jo vanskeleg å gløyme når eg ser meg sjølv med gullet på bildøra kvar dag, seier Krog og humrar.
Mannen som gjekk inn til individuell bronse og gull i lagkonkurransen i Sotsji er akkurat ferdig med dagens fyrste økt. Ein roleg langtur på rulleski saman med klubbkamerat Eivind Romberg Kvaale til Rauland og tilbake til heimbygda Høydalsmo.
No sit han med ein havregryntallerken fylt med rosiner, mjølk og heimelaga jordbærsyltetøy i stova heime hjå mor og far. OL-medaljane tenkjer han ikkje så mykje på. Viss du ser bort i frå dei gongene han set seg inn i bilen, då.
Nullstilt
- Eg føler eg har fått det på god avstand no og klart å nullstille meg heilt. Det trur eg er viktig for å motivere seg vidare.
For det er ein viktig sesong kombinertløparen er i gang med oppkøyringa til no. Verdsmeisterskapen i svenske Falun kjem til å bli ein folkefest.
Etter suksessen i Sotsji vil det norske publikummet forvente topprestasjonar av kombinertgutane. Det presset trur Krog han og landslaget vil takle.
- Me var storfavorittar før lagkonkurransen i Sotsji og følte me hadde presset på oss etter mange svake meisterskap. Presset blir ikkje noko mindre neste år, men eg synest me takla det bra i år, og trur me har lært endå meir om korleis me taklar det no, seier han mellom havregrynsskeiene.
Etter tre år i verdscupsirkuset har han også lært mykje om kva som fungerer for å toppe forma og ikkje. No føler han seg rimeleg trygg på at han skal vere i si beste form i slutten av februar neste år.
- Eg trur ikkje det skal vere noko problem å kome i toppform til Falun så lenge eg held meg frisk og skadefri. Trur det skal mykje til før eg skivebommar på langrennsforma. Hoppinga er eg meir spent på. Men eg har ein veldig klar plan på kva eg vil gjera, det spørs berre om eg får «go» frå leiinga.
Vil vere heime
Det er tydeleg at Magnus har tenkt mykje på dette. Han set frå seg den tomme tallerkenen og lener seg bakover i lenestolen. Før Sotsji var han saman med landslaget på samling i St.Moritz og Oberstdorf. Før Falun vil han helst berre vere i Trondheim.
¬- Eg veit kva som fungerer for meg i hoppbakken. Etter treningsperiodar i Granåsen i Trondheim, hoppar eg alltid bra. Der kan eg luke bort mest mogleg uromoment, bu heime og trene i kjente omgjevnadar. Mange trur det er feigt å ikkje ville hoppe i nye bakkar, men viss eg får vere i Trondheim kan eg byggje opp ein god form og kome til Falun med god sjølvtillit, forklarer Krog.
Sjølvtillit er alfa og omega i hoppbakken. Etter to OL-medaljar og fleire sesongar i verdstoppen er den større enn nokon gong. Det er ikkje berre positivt.
- Dei siste åra har eg blitt mykje sikrare på meg sjølv og kva eg må gjere for å bli god. Litt skummelt er det også og tru at det ein har gjort er bra nok for å bli best. Difor set eg meg heile tida nye mål på teknikken i hoppbakken og i løypa, seier han.
Les videre nedenfor bildet
Leikar seg: VM-oppkøyringa blir alt anna enn ein leik. Magnus Krog er trygg på korleis han skal vere i sin beste form i slutten av februar i Falun neste år. Før han er der skal han gjennom hundrevis av timar med trening, blant anna i vindfulle hoppbakkar. Gjermund Midtbø.
Vinden kan påverke
Framfor neste års meisterskap i Falun er det spesielt ein ting utøvarane i hoppbakken snakkar om. Vinden.
- Me fekk berre hoppa to hopp i løpet av helga då me var der på prøve-VM. Det er synd viss vinden skal avgjere i eit meisterskap, men me driv ein utandørsidrett.
Vinden kan dei ikkje påverke, men landslaget skal gjere alt dei kan for å stille best mogleg rusta til eventuelle utfordrande vindforhold i Falun.
- Me skal hoppe meir i vind framover. Stort sett hoppar me under fine forhold på trening, me må bli flinkare til å vere tøffare og trene også under vanskelege forhold, fortel han.
- Korleis er det eigentleg å bli teken ut og inn av bommen når vindforholda er vanskelege?
- Det er veldig lett å bli vippa av pinnen. Når du sit på bommen er iallfall eg veldig inne i ei mental boble. Ein er utruleg vaken og observant, tenkjer akkurat dei tankane ein skal og kjenner kroppen veldig godt. Viss du då berre får litt forstyrringar, er det lett å bli vippa av pinnen. Då slår du fort av ti meter.
Det har ikkje Magnus Krog planar om å gjere 20. og 26. februar neste år. Då hoppar og går han for nye individuelle medaljar.
- ▒▒▒ ▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ å ▒▒ø▒▒▒ ▒å▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ø▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒ø▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒, ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒.
▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ø▒▒. ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ø▒▒▒▒▒▒▒.
▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒, ▒▒ø▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒æ▒▒▒▒▒▒▒ø▒ ▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒å ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒. ▒▒-▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒ ▒å. ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒ ▒▒å ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒, ▒å.
▒▒
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Mest lest
Det digitale hjemmet for utøvere og fans
Bli medlem og bli en del av ski-fellesskapet
Årsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages
Månedsmedlem
- Tilgang til alle artikler
- Produkttester
- Treningsvideoer
- SC Play - livestreaming och videoarkiv
- SC MyPages