Håvard Eidsmo og Karoline Holsen Kyte vant Kvasshovden Opp 2021 på nye løyperekorder. Arrangørfoto.

Håvard Eidsmo og Karoline Holsen Kyte vant Kvasshovden Opp 2021 på nye løyperekorder. Arrangørfoto.

NYE LØYPEREKORDER I KVASSHOVDEN OPP

Tips en venn  Skriv ut
Annonse

Kvasshovden opp / Norgescup i motbakkeløp i Ulvik 17.juli 2021

Motbakkeløpet Kvasshovden opp vart arrangert for 13. gong. Totalt var det 122 påmeldt i konkurranseklassane. Beste deltakartal sidan NM i 2017. I mosjonsklassen var godt over 150,  så om lag 275 personar opp til topps.

Det var strålande forhold for motbakkeløp. Opprusta tørr løype og temperatur mellom 15-20 grader. Mange personlege rekordar og løyperekordar i begge klassar.

I kvinneklassen var Karoline Holsen Kyte. Førde IL  suveren og betra sin eigen løyperekord frå 2019  med 1,50 min til 52,09. Ho vann med nesten 5 min til næraste kvinne og hadde blitt nr 14 i herreklassen. Med to 1. plassar i NC er ho i løype for VM-uttak seinare i haust.

Sylvia Nordskar, OSI – PwC BIL vart nr 2 med 56,54 og evigunge Anita Iversen Lilleskare, Bergen Løpeklubb  nr 3 på 57,22.

I herreklassen kom heile tre løparar under den tidlegare sterke rekorden til Johan Bugge frå NM 2017 på 46,49.

Det vart ein tett kamp mellom motbakkespesialist Torbjørn Ludvigsen, Varegg fleridrett og Håvard Eidsmo, Freidig orientering. Dei fylgde kvarandre som skuggar gjennom løpet – fyrst på siste 200 m strekka etter 1000 høgdemeter  fekk Håvard Eidsmo dei nødvendige metrane og vann med 16 sekund på ny løyperekord med over 1 min på 45,48. 

På 3.plass sprang og Halfdan-Emil Færø, Varegg fleridrett eit sterkt løp under den gamle rekorden på 46,44.  

Med 1. og 2.plass frå dei to løpa i NC har Torbjørn Ludvigsen levert ein sterk søknad til VM i motbakkeløp.

KVASSHOVDEN OPP

17. juli 2021

Ulvik - Vestland

---

7,5 KM - 1.030 HØYDEMETER

KVINNER

1. Karoline Holsen Kyte, Førde IL 52,09

2. Sylvia Nordskar, OSI – PwC  BIL 56,54

3. Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpsklubb 57,22

MENN 

1. Håvard Eidsmo, Freidig/ Freidig Orientering 45:48

2. Torbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett 46:04

3. Halfdan-Emil Færø, Varegg Fleridrett 46:44

* Komplette resultater


SNARVEIER

VERDENSCUP ENGADIN
Smøretips| Resultater
--- --- ---
VASALOPPET
Smøretips| Resultater: Kvinner Elite- Menn Elite
--- --- ---
NORGESCUP GÅLÅ - SENIOR
Smøretips| Resultater
--- --- ---
VM OBERSTDORF - LANGRENN + HOPP + KOMBINERT
Medaljeoversikt| Smøretips| Resultater

* LANGRENN PLUSS (+): Tid for å bli abonnent - Full tilgang på alle de gode sakene

Tips en venn  Skriv ut
Annonse








Annonse






Annonse