Fra Dønski langrenn sin samling på Voss. Foto: Guro Tveito.

Fra Dønski langrenn sin samling på Voss. Foto: Guro Tveito.

Reisebrev: Fjelltur, testløp, teknikkøkter, intervall i bratte åssider og styrketrening

33 bærumsløpere inntok skibygda Voss.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Få hele Langrenn +


Kjøp abonnement - Rask tilgang alle artikler
Velg uke, måned, 3 måneder eller år.

* Abonnement bestilles raskt i dette vinduet!

Allerede abonnent, logg inn via vinduet under:

Uleselig tekst

Søndag 9. september reiste Dønski langrenn sine utøvarar på samling til Voss. Grunnen til at akkurat Voss vart målet for denne samlinga var nok på grunn av underteikna sin tilhørigheit til staden og fordi det er ein ypparleg stad å ha skisamling.

Det var difor naturleg å ta med seg dei 33 bærumsløparane til skibygda Voss og visa fram det flotte treningsterrenget.

Været jobba litt i mot oss på denne samlinga og det kom utrulege mengder med regn. Likevel var det ingen sure miner og då me såg sola undervegs på fjellturen var det mange «wooow» å høyra.

Under opphaldet hadde utøvarane det heilt topp med base i arenahuset som ligg i Voss ski og tursenter. Dette er et stort hus med plass til 44 personar, kjøkken, stort oppholdsrom, tv-stove med playstation +++.

Rett utanfor døra hadde me fjella som næraste nabo, rulleskiløype, i tillegg til fred og ro mellom harde treningsøkter. Sjølv om regnet pøsa ned på kvar einaste økt, vart særs få av våre 33 utøvarar sjuke på grunn av at varmt hus og dusj rett ved treningsfasilitetane.

Samlinga bestod av fjelltur på 3-4 timar med hjelp av Vossalangrenntrenar Tore Tveito, testløp saman med Voss gymnas toppidrett langrenn, teknikkøkter i rulleskiløypa, intervall i bratte åssider og styrketrening på treningssenteret Mosjonsgutane.

Då elevane fekk beskjed om at Mosjonsgutane stilte til rådigheit heile treningssenteret sitt då regnet hølja som verst, stod stemninga i taket.

Testløpet på tysdagen var eit samarbeid med Voss Gymnas toppidrett langrenn. Med eit startfelt på rundt 45 utøvarar vart det eit flott skirenn med svært god konkurranse frå vossingane.

At utøvarane får møtast også på sommar/haust og ikkje berre på Norgescup-renn vinterstid er veldig fint og ein kan både som utøvar og trenar få eit innblikk i om treninga som har vorte lagt ned har gitt resultat.

Eit flott samarbeid mellom Voss Gymnas og Dønski vidaregåande skule som må gjentakast! Om det vart Vossasiger eller Bærumssiger får verta ein hemmelegheit…

Eit av dei store høgdepunkta for utøvarane på denne samlinga var å få prøva vindtunnelen. Dette er noko alle har høyrt om, enten gjennom kjentfolk eller på tv. Alle fekk prøva å flyga, med flinke instruktørar som brann for jobben sin med å gi ungdommane ein fin oppleving i vindtunnelen.

Me fekk høyra at me var langt over gjennomsnittet flinke og alle enda opp med å få flyga aleina. Meget kuuult!!

Ei topp samling på Voss som fekk samla langrennsgjengen vår på tvers av 1., 2. og 3. klasse. Etter fem fine dagar på samling var det mange slitne kroppar som sette seg i bussen og gjorde seg klar for den seks timar lange minibussturen heim igjen til Dønski.

Allereie dagen etter kom det spørsmål om me kunne reisa tilbake til neste år også, så det å arrangera samling i Voss ski- og tursenter fall verkeleg i smak.

Takk for oss Voss!

På vegne av Dønski langrenn,
Guro Tveito


* Langrenn Pluss (+): Ekstra godt stoff og fyldigere artikler
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut