Resultater Rosendal NutenOpp 2015 - Avlyst



Resultater Rosendal NutenOpp - 3,7 km og 890 høydemeter
Kvinnherad, Hordaland - 9. august 2015

Arrangementstype: Friidrett, mosjonsløp, motbakkeløp

Melding fra arrangørene på deres Facebook-side:
Grunna uventa arrangementtekniske problem og stor slitasje på sentrale deler av løypetrasèen, har arrangementskomiten – på kort varsel - måtta ta den tunge og vanskelege beslutninga om å avlysa årets Rosendal NutenOpp!

Snøsmeltinga har gått svært tregt i fjellet i år, og dette kombinert med ein god del nedbør, gjer at vår løypeansvarleg etter gjennomgang, mange stader beskriv løypa som ueigna for motbakkeløping. Vi har vurdert om vi skulle la løpet gå utanom desse partia, men vi føler at det ville bli som å ta hovudretten bort frå middagen. Dessutan vil vi ikkje gå på akkord med kvaliteten i merkevara Rosendal NutenOpp.

Vi mistenkjer at vår faste «tilhengjarskare» også har blitt påvirka av forholda i fjellet – noko vi ser igjen på påmeldinga så langt. Vi vil no føreta ei grundig evaluering av situasjonen, og vi vil ikkje vika frå målsetnaden om å vera eit framtidig «norsk kvalitetsmotbakkeløp».

Vi beklagar at utfallet i år blir avlysing, og alle påmelde vil sjølvsagt få tilbakebetalt startkontigenten. Vi håpar at løpet skal koma sterkt tilbake!

NB: Turane lørdag 8. august - går som annonsert!

Med venleg helsing

Rosendal FjellStreif & Omvikdalen Idrettslag
Arrangementskomitèen