-->
BLINK direktelinker rett under nyhet nr. 2
RESULTATER: Meråker Mountain Challenge| Andre konkurranser

Sjur Røthe har VM-draumen klar

Med videointervju

Når Sjur Røthe får spørsmål om å beskrive sitt drøymemeisterskap i Falun har han eit heilt klart scenario for seg. - Då vinn eg duathlonen, enkelt og greitt. Sjå kvifor Røthe meiner det er distansen han har best vinnarsjanse på i videointervjuet Langrenn.com gjorde med vossingen i Val Senales.

Tips en venn  Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

val-senales-nsf-samling-stort-14-01-f-birk-eirik-fjeld.jpg
Stakedrag: Sjølv om Sjur Røthe fortel at landslagsløparane nesten berre trenar heilt roleg på breen i 3000 meters høgde, er det rom for eit og anna hurtigheitsdrag også. Her er vossingen i full gang med eitt av fleire stakedrag, med ein filmande landslagstrenar Trond Nystad utanfor løypa.​ Foto: Birk Eirik Fjeld.

Han kjem frå ein sesong der nok folk flest hugsar han frå eit skuffande OL i Sotsji. Det blei med ein 19. plass på 30 kilometer skiatlon og ingen start på femmila.

Men 26-åringen fekk også med seg eit NM-sølv og ikkje minst gjorde han ein sterk prestasjon i Tour de Ski. Sjølv om han berre var fjerde beste nordmann, blei han også til slutt nummer fire, etter at austerrikeren Johannes Durr blei tatt i doping.

- For min eigen del var det ein heilt ålreit sesong, men dei store toppresultata kom aldri og det er så klart skuffande. Eg skulle helst hatt ein pallplassering i bagasjen før OL og kanskje endå litt meir sjølvtillit, seier Røthe.

I Val Senales har han sine fyrste treningsdagar i høgda i denne sesongoppkøyringa. Røthe har nemleg vald å endre litt på opplegget denne sesongen og køyre mindre høgdetrening.

- Planen har vore å trene litt mindre i høgda, meir hardt og litt meir heime i trygge omgjevnadar på Voss og på Lillehammer. Eg håpar og trur det skal gje resultat.

Men her i Val Senales får han for tida rikeleg med høgdetrening. Sjå og høyr Røthe beskrive ein vanleg treningsdag med landslaget i Nord-Italia og kva han drøymer om i Falun-VM, i videointervjuet under.


Film fra Langrenn.com - LangrennsTV på YouTube. Foto/redigering: Gjermund Midtbø.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn  Skriv ut


blog comments powered by Disqus