Løypa til Mefjellet Opp 2019 - NM i motbakkeløp. Arrangørfoto.

Løypa til Mefjellet Opp 2019 - NM i motbakkeløp. Arrangørfoto.

Tidenes startfelt jakter NM-medaljer og EM-billetter

Aldri tidlegare har så mange av landets beste motbakkeløparar stilt i samme startfelt.

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut

Uleselig tekst

Bli abonnent – Full tilgang til alt det gode stoffet!


Allerede abonnent?
* Klikk her for å logge inn

Få hele Langrenn Pluss (+)




Velg abonnement*
Abonnementsvilkår*

Du gir med dette godkjennelse til at Langrenn.com AS automatisk fornyer ditt abonnement frem til du selv sier dette opp. Komplette vilkår er tilgjengelig her.

Uleselig tekst

Årets norgesmesterskap i motbakke, Mefjellet Opp i bygda Fjørå i Norddal kommune i Møre og Romsdal, går av stabelen lørdag 22. juni. Dette er også det andre løpet i årets norgescup og her har arrangøren, 100-års-jubilanten Valldal IL lagt seg skikkeleg i selen for å laga eit topp arrangement.

Arrangør er som sagt Valldal Idrettslag. Laget vart skipa i 1919, og  arrangementet inngår som ein del av laget si 100-års-markering.  

Mefjellet opp vert i år arrangert for 13. gong. Løpet startar heilt nede ved fjorden i Fjørå og går til toppen av Mefjellet. 

Då har løparane lagt bak seg 1100 høgdemeter og ein distanse på knappe sju kilometer. Løypa går på asfalt, skogsti, seterveg med grus og gras og siste delen til toppen går i fint fjellterreng.

I det heile ser Mefjellet Opp ut til bli tidenes NM-arrangement. 

Aldri tidlegare har så mange av landets beste motbakkeløparar stilt i samme startfelt. 

Løpet er også det siste uttaksløpet før EM i sveitsiske Zermatt den 7. juli, og det er tydlegvis mange som ynskjer seg til nettopp dit. 

Og dei som vil til EM får ein skikkeleg peikepinne på kor dei står internasjonalt. På startstreken står nemleg den spanske legenda Killian Jornet som er verdas beste motbakkeløpar det siste tiåret.

Killian har vunne det meste av det som er å vinna innan motbakkeløping og er elles kjent for at han har sprunge to gonger til toppen av Mount Everest og ned igjen utan bruk av oksygen i løpet av ei veke noe som er rekord

Så om dei norske utøvarane vinn NM- og NC-løpet er det slett ikkje sikkert dette er godt nok til å vinna Mefjellet Opp 2019.

Mellom dei norske utøvarene er Norgescupeleiar Stian Øvergaard Aarvik fra IL Gneist ein av favorittane til å vinna løpet og NM. 

Men han får knallhard konkurranse frå mellom anna Johan Bugge fra Mosvik IL Friidrett som var fjorårets femtemann i VM, Stoltze-kongen Torbjørn T. Ludvigsen og Stian Angermund-Vik fra Varegg Fleridrett, Torstein Tengsareid fra Skjalg IL og Håkon Skarsholt frå Andebu IL.

I kvinneklassen er Norgescupleiar, Karoline Holsen Kyte fra Førde IL Friidrett favoritt. Men, ho vil nok møta hard motstand frå evigunge Anita Iversen Lilleskare fra Bergen Løpeklubb.

Sjå oppdatert påmelding her.

Resultat og oppdatert poengoversikt er tilgjengelig på motbakkecup.no etter kvart arrangement.

Norsk Motbakkecup 2019 er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa i motbakkecupen, inkludert NM, dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM. 

I fjor var VM i Canillo i Andorra det store målet. Eit meisterskap som gav Norge femteplass til Johan Bugge og lagbronse til herrelaget beståande av Stian Øvergaard Aarvik, Håkons Skarsholt, Torstein Tengsareid og Johan Bugge.

I år er det EM i motbakkeløping i Zermatt i Sveits den 7. juli som blir årets store høgdepunkt.

Oversikten av løpa i årets Norsk Motbakkecup finn du elles her

Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil fire av dei fem arrangementa telja i poengsamandraget.

Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80.000 kroner. Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.


* Langrenn Pluss (+): Trening, teknikk, utstyr + +
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut


blog comments powered by Disqus