Røthe vil vise musklar på Haukelirennet

av SC community • 31.03.2013
13. april står Sjur Røthe på startstreken saman med mellom anna fjorårets vinnar Chris Jespersen og langløpseksperten Anders Aukland i det 32 kilometer lange løpet på Haukelifjell.

13. april står Sjur Røthe på startstreken saman med mellom anna fjorårets vinnar Chris Jespersen og langløpseksperten Anders Aukland i det 32 kilometer lange løpet på Haukelifjell.

Haukelirennet går i fristil og har klasser for både aktiv, mosjon og trim. Ungdom mellom 13 og 15 år går sin eigen trasè på 12 kilometer, og startar saman med hovudfeltet kl 12.30. Mosjonsklassa går på tid, medan trimklassa går utan tidtaking.

Spesielle «happenings»
«Statkraftspurten» er ein spurt etter 8 kilometer. Her blir dei tre raskaste kvinner og menn premiert med pengepremie.

«SR-bakken» er ny av året. Her blir raskaste kvinne og mann i nedfarten til målområdet blir premiert med kvar sin pengepremie. Det kan altså bli mykje action i årets Haukelirenn.

Trim-tur
Alle som melder seg på i trimklassa er med i trekninga av tre reisegåvekort frå Star Tour.

Det er viktig for oss å legge til rette for aktivitetar for heile familien. Me arrangerer difor også eit eige barnerenn, «Vennerennet», for barn mellom 4 og 12 år.

Dette rennet går på føremiddagen, før sjølve Haukelirennet, slik at foreldre får tid til å heie borna i mål før dei sjølve skal gå Haukelirennet.

Her får borna møte dei kjente figurane Apa, Ted og Elfie som skal skape liv og røre både før, under og etter barnerennet. Haukelirennet har start rett ovanfor Haukelifjell skisenter og målgang midt i hjartet av skisenteret.

I målområdet vil både speaker og ulike aktørar skape underhaldning for publikum medan løparane går rennet.

Teksten fortsetter under bildet
Vakre omgivelser i Haukelirennet 2013. Foto: Haukelirennet
Vakre omgivelser i Haukelirennet 2013. Foto: Haukelirennet

Majestetiske omgjevnadar
Haukelirenn-trasèen blei køyrd opp veka før påske – til stor glede for dei mange påsketuristane i det strålande vêret.

Me kan melde om supre forhold i trasèen som slyngar seg gjennom det majestetiske høgfjellsterrenget på taket av Telemark.

Trena eller utrena – Haukelirennet er for alle. Meld deg på vårens vakraste skieventyr i dag, så kan du også teste musklar mot Sjur Røthe.

I tillegg får alle som deltek på Haukelirennet ei lue lik den Sjur har på seg på bildet! Velkomen til Haukelirennet 13. april 2013!

Linker
Arrangementets hjemmeside: www.haukelirennet.no
Haukelirennet på Facebook: www.facebook.com/Haukelirennet

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Sjur Røthe sekunder fra seier i Engadin – Anita Moen vant halvmaraton

    by SC community
    13.03.2016
  • 1

    Langrenn på TV – Program og sendetider

    by SC community
    19.12.2018
  • Medaljeoversikt ol
    1

    Medaljeoversikt OL Beijing 2022

    by SC community
    06.02.2022
  • 1

    Skiskyting på TV – Program og sendetider

    by SC community
    06.11.2019
  • 1

    Resultater, Engadin Skimarathon.

    by SC community
    12.03.2001

FlerE artikler

  • Sesongåpning i Muonio: Se alle rennene direkte på SC Play

    Olos/Muonio Ski Race Weekend 13.–15. november åpner sesongen. Alle konkurransene fra Finland sendes direkte på SC Play, som er inkludert i medlemskapet på Langrenn.com.
    av Langrenn.com
    11.11.2026
  • Stakemaskin: Langtur med maksdrag

    av Ingeborg Scheve
    11.11.2026
  • Øltelt, innmarsj og DJ i Kollen: – På tide å ta folkefesten tilbake

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026
  • Russisk superstjerne til sesongåpningen i Finland

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026
  • De er unge, sultne og dundrer på døra til verdenseliten

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026