Balanse er utruleg viktig i langrenn

av SC community • 08.02.2016

– Vi brukar uttrykket «å stå imot» når kraftinnsatsen er størst, i staden for å gje etter, knekke saman og dette bakpå, seier Audun Svartdal.

– Vi brukar uttrykket «å stå imot» når kraftinnsatsen er størst, i staden for å gje etter, knekke saman og dette bakpå, seier Audun Svartdal.

Balansen er heilt sentral i effektiv langrennsteknikk. Alle veit at ein må kunna stå stødig på ei ski i diagonalgang for å kunna utføre effektive fråspark, og at enkeldans og dobbeldans også krev topp balanse på ei ski for å oppnå optimalt trykk i kvart fråskuv.

God grunnposisjon krev god balanse
– Du ser kanskje for deg deg sjølv eller ein annan toppløpar sett rett forfrå eller rett bakfrå i stødig balanse rett over kvar ski? Men god balanse må du også sjå frå sida, seier Audun Svartdal.

– I dei same tre teknikkane handlar då god balanse enkelt sagt om å greie å halde grunnposisjon når ein trykker til i fråspark, fråskuv og stavtak.

– Grunnposisjon handlar om samsvar mellom leggvinkel og overkroppsvinkel, og om samsvar mellom beinarbeid og overkroppsarbeid.

Nemnte Audun Svartdal veit kva han pratar om. Han har vore ansatt i Olympiatoppen og er nå teknikktrenar for mange toppløparar.

Les videre nedenfor bildet
vc-kuusamo-15-02-f-modica.jpg
Martin Johnsrud Sundby i kjent positur. Foto: Modica/NordicFocus.

God arbeidsøkonomi
– Hovudtrykket under foten er framme under tåballen. Dette gjeld både i øvre posisjon når armane har pendla fram og bak, men også når trykket mot snøen er størst.

– Høge utgangsposisjonar sikrar som oftast god avspenning, tidleg kraftinnsats, utnytting av tyngdekrafta til å skape trykk mot snøen og god arbeidsøkonomi.

– Vi brukar uttrykket «å stå imot» når kraftinnsatsen er størst, i staden for å gje etter, knekke saman og dette bakpå. Dette handlar om styrke, men også om at kroppen er i balanse.

– Balanse i stor fart på ski handlar om motorikk og teknikk, men altså også om styrke og fysisk kapasitet, fortel Audun Svartdal.

tds-lenzerheide-3etp-16-01-f-felgenhauer.jpg
– Motorikk og teknikk, understreker Audun Svartdal, som ekstra viktige faktorer ved høy fart. Her fra årets Tour de Ski hvor Martin Johnsrud Sundby nok en gang viste klasse. Foto: Felgenhauer/NordicFocus.

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Sjur Røthe sekunder fra seier i Engadin – Anita Moen vant halvmaraton

    by SC community
    13.03.2016
  • 1

    Langrenn på TV – Program og sendetider

    by SC community
    19.12.2018
  • 1

    Skiskyting på TV – Program og sendetider

    by SC community
    06.11.2019
  • Medaljeoversikt ol
    1

    Medaljeoversikt OL Beijing 2022

    by SC community
    06.02.2022
  • 1

    Resultater, Engadin Skimarathon.

    by SC community
    12.03.2001

FlerE artikler

  • Northugs nye juniorkomet vil til VM: Må via Sverige

    19-åringen fra Njård har allerede slått OL-stjernene flere ganger. Nå vil han til VM, og veien dit går via Sverige: Petter Northug og hans nye stjerne har lagt en plan.
    av Ingeborg Scheve
    16.11.2026
  • Vraket i april, nå gjør han comeback: – Utrolig deilig!

    av Ingeborg Scheve
    16.11.2026
  • LØPING MED STAVER: Effektiv og allsidig økt før sesongstart

    av Adéla Ročárková
    16.11.2026
  • Tre store russiske stjerner får blankt nei fra FIS

    av Langrenn.com
    16.11.2026
  • Russer påmeldt til Beitostølen: – De nye restriksjonene gjelder ikke for meg

    av Ingeborg Scheve
    15.11.2026