Vossalangrenn førebur seg
Vossalangrenn er no inne i sin andre sesong som offisielt team. Denne helga var det klart for sesongens andre samling for junior. 15 og 16 åringane fekk hospitera på nokre av øktene.
Me starta på torsdag med eksplosiv spenst, snøggleik og stabiliseringsstyrke. Dette var ei økt som kjentes på kroppen dagen etterpå. Støl var eit ord som gjekk att.
Fredag første økt var det klart for langtur på ski skøyting på Vikafjellet. Nydelege løyper, perfekt salta og preparert. Vossalangrenn sine løparar har vore flittige brukarar av snøen her opp no på vårparten.
Andre økta var det rulleski klassisk intervall i rulleskiløypa i Voss Ski og Tursenter. Hovedfokuset denne gongen var staking og duellar.
Laurdags morgon starta med ein roleg klassisk tur på rulleski. Her dukka Sjur Røthe opp og vart med på tur.
Andre økta var motbakkeløpet Hanguren Opp. 3,35 km og 620 høgdemeter. Motbakkeløparen Torbjørn Ludvigsen vann foran Sjur Røthe, Einar Trefall frå Eksingedalen/Vossalangrenn sprang inn til ein sterk 4. plass, kun 15 sek bak Sjur. Heile teamet fekk seg ei god hardøkt.
Laurdagen vart avslutta med ei fotballøkt, før me avslutta jonsokfeiringa med pizza og sosialt.
Søndag var det siste dag av samlinga. Avslutninga var ein god 3 timars joggetur i variert terreng. Været var fint og det vart ein fin tur med litt slitne bein på slutten.
Samlinga viser at Vossalangrenn sine løparar er på god veg mot ny sesong. Dei hadde ein god sesong i førre sesong. Og målet er at denne sesongen skal verta like god.
Med Vebjørn Turtveit på juniorlandslag har me ein toppløpar som me kan bryna oss på for å sjå kor landet ligg. Dette er motiverande for resten av gruppa.
Noen flere bilder fra Vossalangrenn sin samling følger nedenfor:



Tekst og alle bilder av Tore Tveito.
Vossalangrenn sin infoside på nett
Vossalangrenn på Facebook





