Vossalangrenn ga alt på samling
– Innsatsen har vore upåklageleg og det var nokre slitne og litt trøytte utøvarar som takka for seg sundag ettermiddag, forteller Tore Tveito til Langrenn.com.
Tore Tveito er hovedtrener i Vossalangrenn. Med Langrenn.com sine lesere deler han nedenstående rapport fra denne helgens samling på arenaen hvor NM del 1 foregikk sist vinter:
Vossalangrenn er eit team som skal fungera som eit samarbeidsorgan/ sameige mellom Bjørgum IL, Bulken IL, Eldar IL, IL Vargar, IL Viljar, Voss IL ,Ørnar IL og skal fungera som eit supplement til det enkelte lag si eiga satsing og utvikling av langrennsporten på Voss.
Arenahuset i Voss Ski og Tursenter var base for denne helgas samling for Vossalangrenn.
38 utøvarar frå 13-16 år var klare for ei triveleg helg med trening og sosialt samkome. Innsatsen har vore upåklageleg og det var nokre slitne og litt trøytte utøvarar som takka for seg sundag ettermiddag.
Då hadde dei vore med på rulleski sprintøkt, teknikk trening, skigangsintervaller og ein god løpetur i myra som avslutning.
Være var som det har vore på Vestlandet i haust, vått. Men kva gjorde vel det når ein kom inn igjen og fekk seg ein varm dusj og god mat tilbredt av flinke foreldre.
Jeg hadde med meg mange gode hjelparar, både foreldre og eldre juniorløparar stilte opp.
Fortsetter nedenfor bildet

Ivrige langrennsløpere fra Vossalangrenn på oktobersamling. Foto: Harald Tveito.
Arenahuset er ein flott stad å halda til med flotte rom og fine fellesareal med plass til mange.
Sunn Jenteidrett var å vitja utøverne med foredraget « Spis smart». Det viste seg ved dei neste måltida at her hadde ein fått med seg mykje god lærdom. Utrykk som ”5 om dagen ” og ”3 om dagen” gjekk igjen.
Heile gjengen har det utruleg kjekt i lag og no ventar me berre på at snøen skal komma.
Neste samling for denne gjengen er planlagt på Liatoppen, Ål. Så då håpar me at snøen startar å lava ned der snart.
Av konkurransar er det Ungdommens Holmenkollrenn og Hovudlandsrennet på Savalen som er sesongen store. I tillegg vert det kretsrenn i Hordaland nesten kvar helg.
Se også
Vossalangrenn førebur seg
Samler seg i Vossalangrenn Skiteam
Vossalangrenn sin infoside på nett
Vossalangrenn på Facebook





