Fantastiske forhold og løyper

av SC community • 14.02.2013
Kalde netter med temperaturar ned mot minus 10, strålande påskesol om dagen, og 60 cm nysnø, er siste statusmelding frå Asiago. Saman med prima løyper og gjestfrie italienarar går det mot ei fantastisk veke for 1.200 skiveteranar.

Kalde netter med temperaturar ned mot minus 10, strålande påskesol om dagen, og 60 cm nysnø, er siste statusmelding frå Asiago. Saman med prima løyper og gjestfrie italienarar går det mot ei fantastisk veke for 1.200 skiveteranar.

Leiar i Norges Skiveteraner, Terje Breivik, er på plass i Asiago, og er svært begeistra.

– Sjølv om føret i dag var i tråaste laget for ein vestlending, er det reine eldoradoet her. Den lokale arrangøren har gjort ein fantastisk jobb med løypene, og når vergudane i tillegg spelar på lag med oss slik som no, kan ikkje langrennarar ha det betre, seier Breivik.

Norge stiller i år med 52 løparar. Sjølv om det er fleire i troppen som har medaljeambisjonar, er det langt frå det viktigaste for deltakarane.

– Det beste med Veteran-VM er venskapet og fellesskapet. Her treffer ein gamle vener og konkurrentar og får nye, både norske og andre nasjonalitetar. Og det som ikkje vert diskuert av glid, feste, skispenn og kreative teoriar som sikrar superski, har vel knapt nokon tenkt på enno, smiler Breivik.

I følgje Breivik er Veteran-VM tre ultimate «turrenn» fordelte på ei veke. Og stafett som rein bonus for dei som vert uttekne til den.

– Som i eitkvart turrenn finn ein nokon å konkurrera mot, uansett kor fort ein går. I tillegg er det fellesstart for kvar einaste klasse, som gjer det enkelt å halde oversikt og vite korleis ein ligg an undervegs. I dei fleste klassane held dei beste verdsklassenivå, så det manglar heller ikkje på utfordringar for dei mest ambisiøse, avsluttar Breivik.

—

Se også
Startlister Veteran-VM (forhåndsomtale her på Langrenn.com).

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Sjur Røthe sekunder fra seier i Engadin – Anita Moen vant halvmaraton

    by SC community
    13.03.2016
  • 1

    Langrenn på TV – Program og sendetider

    by SC community
    19.12.2018
  • Medaljeoversikt ol
    1

    Medaljeoversikt OL Beijing 2022

    by SC community
    06.02.2022
  • 1

    Skiskyting på TV – Program og sendetider

    by SC community
    06.11.2019
  • 1

    Resultater, Engadin Skimarathon.

    by SC community
    12.03.2001

FlerE artikler

  • Stakemaskin: Langtur med maksdrag

    Rolig langtur med lav intensitet, utviklet for å øke kapasiteten, og muskulær utholdenhet for både allround langrenn og langløp.
    av Ingeborg Scheve
    11.11.2026
  • Øltelt, innmarsj og DJ i Kollen: – På tide å ta folkefesten tilbake

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026
  • Russisk superstjerne til sesongåpningen i Finland

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026
  • De er unge, sultne og dundrer på døra til verdenseliten

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026
  • Så fort må Johaug løpe: Nå er OL-kravet klart

    av Ingeborg Scheve
    10.11.2026