mandag, aug 15, 2022 Today's Paper
SC Ranking
1 Emil Persson 25,562,006
2 Ida Dahl 24,839,273
3 Andreas Nygaard 24,633,945
4 Tord Asle Gjerd... 24,584,380
5 Lina Korsgren 24,484,047
6 Oskar Kardin 24,312,698
7 Britta Johansso... 24,058,203
8 Johannes Eklöf 24,013,294
9 Max Novak 23,921,189
10 Astrid Øyre Sli... 23,754,472
11 Emilie Fleten 23,416,363
12 Morten Eide Ped... 23,402,906
13 Kasper Stadaas 23,372,337
14 Ermil Vokuev 23,155,152
15 Stian Hoelgaard 23,119,309
16 Johan Hoel 23,094,196
17 Runar Skaug Mat... 22,726,499
18 Maxim Vylegzhan... 22,671,721
19 Vetle Thyli 22,530,051
20 Herman Paus 22,492,362
21 Magnus Vesterhe... 22,299,171
22 Marcus Johansso... 21,942,740
23 Anders Aukland 21,690,765
24 Torleif Syrstad 21,609,107
25 Joar Thele 21,527,809
26 Karstein Johaug 21,461,033
27 Jiří Pliska 21,021,748
28 Torgeir Sulen H... 20,862,822
29 Eddie Edström 20,738,799
30 Gabriel Höjlind... 20,657,291
31 Stanislav Řezáč... 20,425,274
32 Axel Jutterströ... 20,170,582
33 Klas Nilsson 19,965,758
34 Nils Persson 19,937,621
35 Thomas Ødegaard... 19,696,746
36 Jan Šrail 19,570,618
37 Simen Engebrets... 19,178,110
38 Bastien Poirrie... 19,138,063
39 Sofie Elebro 19,117,183
40 Mauro Brigadoi 18,992,619
41 Alexey Shemiaki... 18,653,161
42 Stian Berg 18,652,088
43 Viktor Mäenpää... 18,487,671
44 Arnaud Du Pasqu... 18,285,573
45 Aleksandr Grebe... 18,267,363
46 Dmitriy Bagrash... 18,225,082
47 Anikken Gjerde ... 18,209,193
48 Petter Soleng S... 18,089,523
49 Fabián Štoček... 17,925,232
50 Olga Tsareva 17,877,070
 
Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Arrangement Land Dato
Mobile icon Mobile icon

Marit Bjørgen om oppveksten, utstyrsjaget og suksessoppskriften

Utstyrshysteriet som jeg ser her i Oslo, men ikke hjemme på Rognes, blir litt galskap. Det viktigste er godt feste, skileik og fellesskap, fastslår Marit Bjørgen.

Utdrag fra Harald Thingnes sin helt ferske bok "Den første skituren" (se egen omtale av denne boka her på Langrenn.com):

Marit Bjørgen er fødd i 1980, men barndomen hennar kan minne om ein oppvekst eit par generasjonar før.

– Vi budde fire generasjonar på garden samstundes. Oldeforeldre og besteforeldre budde saman med oss på Bjørga, og alle bidrog i arbeidet.

Saging og stabling av ved, jakt og slåttonn gav Marit ein basisstyrke som ho har hatt sidan den tid. Og når generasjonane samlast,måtte det sjølvsagt drikkast kaffi.

– Det var ein vane eg fekk då eg var med pappa på jakt. Då var svartkjele og bål ein naturleg del av turen, og sjølvsagt måtte eg drikke kaffi.

– Sånn var det også når storfamilien samlast kring bordet, og begge syskena mine var akkurat like.

Veslesyster er seks år yngre, og då ho kom heim frå barneskulen, kokte Kari seg gjerne ein liter kaffi som ho kosa seg med.

Med ein far som gjekk mykje på jakt, og ei mor som hadde drive med både handball, langrenn og skøyter, var Marit Bjørgen godt genetisk utrusta.

I tillegg var foreldra unge og spreke. Mamma Kristin blei mor då ho var 17, same år som dei tok over garden.

I tillegg hadde Marit frå barndomen av evna til aldri å gje opp.

Arbeidskapasiteten var enorm både på garden og i skiløypa. Marit likte å bruke kroppen sin, og det kom spesielt godt til nytte då veslesystera blei fødd.

– Eg ville hjelpe til og kunne plutseleg i ein alder av seks–sju år finne ut at eg ville vaske ned huset. Dette gjorde eg fleire gongar.

– Så vaska eg klede og skifta på senga fordi pappa påstod at «ingen av sengekleda passa». Eg liker rett og slett å ta i eit tak.

Slik har ho også framstått i konkurransar og i livet utanom. Uansett om ho hadde vondt eller var sliten, så stod Rognes-jenta på til ho var i mål.

– Sjølv om eg var blå i trynet på den 16 kilometer lange skuterturen frå hytta vår på Håen, fraus eg ikkje. Vi skulle jo heim.

Heime var bror Anders det store førebiletet.

I skileik med han hadde ho alltid nokon å strekkje seg etter, og bakkane kring Bjørga innbaud til frydefull leik vinteren gjennom.

35-åringen starta med langrennskonkurransar som sjuåring og vann alt. Marit Bjørgen var stjerna som ikkje slokna.

– Eg var ei barnestjerne og merka fort at eg kunne det med å gå på ski.

 Eg var større og sterkare enn dei fleste på min alder, og Idar Terje Belsvik sikra meg godt feste.

Historia om Marit Bjørgen hadde ikkje vore den same utan trenaren, Belsvik.

Han er ein ven av familien og har fylgdt Marit frå bleieskift, og heilt fram til andre trenarar overtok på juniorlandslaget.

Idar gav alltid Marit gode ski, sjølv om ho ikkje hadde utstyr i toppklasse. Skia arva ho av Anders og skøyta på klassiskski til ho var 14–15 år.

– Når du kjem frå Rognes, var det sånn. Det hadde med økonomi å gjere, men vi visste heller ikkje om noko anna.

– Heller ikkje i nabobygdene, Budalen og Støren, var dei så opptekne av dei nyaste skitrendane.

Konkurranselivet hadde teke til. Frå ho var sju, konkurrerte Marit kvar helg i januar og februar.

– Eg vann alt og var aldri truga. Men like morosamt som å vinne var det sosiale kring sporten.

 Reise på konkurransar saman med vener, mamma, pappa og Idar Terje. Vente i samfunnshuset på premieutdelinga, føle samhaldet vi fekk gjennom idretten.

Samhaldet opplevde ho også gjennom handballen, som lenge var det artigaste ho visste.

– Kombinasjonen individuell idrett og lagidrett var bra for meg. Eg fekk ulike vener og klarte å utvikle allsidigheita.

Marit var faktisk så god at ho like godt kunne ha satsa på denne idretten. Ho spelte på krinslaget, men til slutt var det langrenn som sigra over handballen.

Etter ei sju år lang triumfferd kom dagen då Marit Bjørgen gjekk på sitt fyrste tap.

Ho måtte til slutt reise ut av landet for å finne jamaldringar som var sterkare enn ho. Det var rett nok ikkje lange avstikkaren.

Turen gjekk til Funäsdalen, rett over svenskegrensa. Mariana Handler frå arrangørklubben var på alder med Marit og den best løparen i Sverige.

14 år gamle Marit var spent før femkilometeren i klassisk stil. Mariana vann, og folk rundt Marit var uroa over korleis ho ville takle noko ho ikkje hadde erfaring med. Nederlag.

– Eg var kanskje litt småirritert, men tok det overraskande pent. Det var heilt greitt å bli slått av ho.

Marit nekta likevel å byte hue med sin svenske rival. Det var ein skikk ho ikkje var vand med.

Men mamma Kristin Bjørgen fekk til slutt overtalt ho til å gjengjelde gesten.

På denne alderen byrja det å bli mykje merksemd kring prestasjonane til talentet frå Rognes. Trønder-Avisa og Adressa skreiv jamleg om triumfane, og sjølv om Marit var ei beskjeden jente, var dette stas.

Men med stadig sterkare prestasjonar blei også presset større framfor kvart løp.

Før Hovudlandsrennet på Savalen i 1995 gjekk det opp for Marit at det faktisk var eit NM det var snakk om.

Ho skulle gå ut som start nummer ein og var for fyrste gong skikkeleg nervøs.

Alle dei beste ungdomane i landet var med, og massevis av slekt og vener hadde teke turen til nabofylket.

Men Marit slo erkerivalen Vibeke Skofterud i både klassisk og skøyting, og løpet definerte på mange måtar framtida.

– Den triumfen betydde veldig mykje. Eg har seks OL-gull, men denne sigeren var like viktig.

I periodar har konkurrentane opplevd Marit Bjørgen som overnaturleg god. Når teknikken og kjempekreftene speler på lag, kan ho vere utilnærmeleg. Ja, kanskje er det litt overnaturlege evner ho har?

På Hovudlandsrennet i Mo i Rana året etter var alt heilt normalt på klassiskdelen. Marit vann som ho ville.

Men skøyting hadde ho ikkje like godt tak på, og før ho skulle gå løpet, skjedde det ho noko underleg.

Det har også skjedd ein gong som senior. At ho natta før ein konkurranse drøymer korleis rennet skal gå. Det var dette som hende i Mo i Rana.

– Eg drøymde at eg skulle bli nummer tre, og eg drøymde alt som skjedde på stadion.

Vibeke Skofterud slo Kine Beate Bjørnås. Og akkurat som i draumen hamna Marit Bjørgen på plassen bak.

Om ho lenge var sanndrøymd, var skøytinga endå lenger eit mareritt. Lenge kunne ho kompensere med rå kraft, men det gjekk utover teknikken.

Då Egil Kristiansen kom inn som assistent på landslaget i 2001, visste han ikkje kor han skulle byrje.

– Det var så dårleg, og så mykje å ta fatt i. Eg fekk ikkje skikkeleg tak på teknikken før i 2010.

I 2010 tok ho sine tre fyrste OL-gull, med det var ikkje ein draum som gjekk i oppfylling. Marit Bjørgen har aldri hatt ein draum om å bli olympisk meister eller verdsmeister.

Ho hadde aldri store førebilete som ho såg opp til, og som det var viktig å møte.

Då mamma overraska ho med billett til VM i Trondheim i 1997, var ikkje Marit gira på å reise fordi det var så kjedeleg og stå der å sjå på.

Men sjølv er ho eit idol for svært mange. Uansett kor Marit Bjørgen går, er det køar med born som vil ha autograf og bilete, og Marit er flink til å ta seg tid. Fordi ho brenn for folkehelsa.

Synet av stadig meir stillesittande ungdom skremmer ho, og det er i ferd med å utvikle seg til eit samfunnsproblem.

– Vi var mykje meir ute før, og naturleg i aktivitet. No slit ungdom på 20 med betente skuldrer og overvekt, eller dei er arbeidsuføre.

– Foreldre må tenkje over at dette er verdiar borna får frå dei er små. Eg er glad for at mine foreldre aldri pressa, men alltid la til rette for at eg kunne vere i aktivitet.

– Det er også det beste rådet eg kan gje til andre foreldre. Ikkje press, men legg til rette for aktivitet. Ski, stavar og klede må vere bra, men det er likevel ikkje det viktigaste.

– Utstyrshysteriet som eg ser her i Oslo, men ikkje heime på Rognes, blir litt galskap. Det viktigaste er godt feste, skileik og fellesskap. Det er eg takksam for at eg fekk med meg.

– Og så er eg glad for at eg vaks opp utan iPad.

Marit Bjørgen vurderte aldri å slutte med langrenn. Mange som er aktive som born, går leie når dei kjem i tenåra.

Alvoret tek over, men også lysta til å gå på fest og gjere som andre ungdomar.

Marit makta å kombinere det sportslege med det sosiale.

– Men det blei nok mindre festing på vinteren etter at eg blei konfirmert.

Då var det godt ho hadde kaffien å ty til.

Se også
* Omtale av Harald Thingnes sin ferske bok, "Den første skituren"
* Thomas Alsgaards første skitur - 3 år og 3 mil (fra samme bok)

▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ "▒▒▒ ▒ø▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒" (▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒▒▒.▒▒▒):

▒▒▒▒▒ ▒▒ø▒▒▒▒ ▒▒ ▒ø▒▒ ▒ ▒▒▒▒, ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒ø▒.

– ▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒å ▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒. ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒å ▒▒ø▒▒▒, ▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒ ▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒.

▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒, ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒å▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒. ▒▒ ▒å▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒,▒å▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒ø▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒▒▒▒ ▒▒▒▒▒.

– ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒▒ ▒▒ ▒▒▒▒ ▒å ▒▒ ▒▒▒ ▒▒▒ &#

Du er på rett sted! Velkommen til det digitale hjemmet til langrenn.

Fortsett å lese artikkelen som medlem

 
 
Årsmedlem
  • Full tilgang til alle fire nyhetssider hele året
  • Produkttester
  • Digital tilgang til Pro XC Skiing magasinet
  • SC Play
  • SC Fantasy
  • SC MyPages
Se flere fordeler Bli medlem 890 kr
Månedsmedlem
  • Full tilgang til alle fire nyhetssider
  • Produkttester
  • Digital tilgang til Pro XC Skiing magasinet
  • SC Play
  • SC Fantasy
  • SC MyPages
Se flere fordeler Bli medlem 129kr
Årsmedlem
  • Full tilgang til alle fire nyhetssider hele året
  • Produkttester
  • Digital tilgang til Pro XC Skiing magasinet
  • SC Play
  • SC Fantasy
  • SC MyPages
Se flere fordeler Bli medlem 890 kr     Ubegrenset tilgang
Månedsmedlem
  • Full tilgang til alle fire nyhetssider
  • Produkttester
  • Digital tilgang til Pro XC Skiing magasinet
  • SC Play
  • SC Fantasy
  • SC MyPages
Se flere fordeler Bli medlem 129kr     Ubegrenset tilgang
Mest lest
Bli medlem nå