Thomas Alsgaards første skitur – 3 år og 3 mil

av SC community • 16.10.2015

Den dag i dag er Thomas Alsgaard imponert over hvor fint han gikk på ski som fem-seksåring. – Så lenge jeg kan huske, har jeg hatt en fascinasjon for å føle på ting, kjenne på ting, forklarer Alsgaard.

Den dag i dag er Thomas Alsgaard imponert over hvor fint han gikk på ski som fem-seksåring. – Så lenge jeg kan huske, har jeg hatt en fascinasjon for å føle på ting, kjenne på ting, forklarer Alsgaard.

Utdrag fra Harald Thingnes sin helt ferske bok «Den første skituren» (se egen omtale av denne boka her på Langrenn.com):

Er du av dei som slit med dårleg samvit fordi du ikkje tek med borna nok ut på ski?

Som synest at iPad og Playstation er lettvinne alternativ til sludd og klisterføre?

Å lese om familien Alsgaard kan gjere deg inspirert – eller provosert.

Siv og Per Alsgaard plasserte sonen i pulk for fyrste gong påska 1972.

Då var Thomas tre månader gamal. Familien var på Beitostølen, og skituren fekk ei bratt avslutning då dei tok slalåmbakken ned mot hytta.

Treåringen Trine Alsgaard blei plassert mellom beina på pappa Per, og Siv måtte ploge med pulken. 

Ho var overraska over kor mange kjende dei møtte på turen nedover, for alle vinka.

Då dei var framme, forstod ho grunnen til veivinga. Pulken var tom, og mora blei vitskremd.

Per la i veg oppover bakken, og som aktiv skiløpar tok det ikkje lang tid før han nådde henget.

Der låg Thomas blid og nøgd i armane på ein forbipasserande som hadde plukka opp babyen.

Han hadde ramla ut av pulken, men fann seg umiddelbart til rette i eit nytt element.

– Heilt sidan den tid har eg elska snøen, humrar Thomas.

Vintrane var lange og kalde i Enebakk på 70-talet.

Så fort Thomas var ute av pulken plasserte foreldra han på eit par ski.

Den fyrste skikkelege turen var ikkje som for oss andre, ein runde rundt huset.

Thomas Alsgaard var tre år – og gjekk tre mil.

Midt i hjartet av Østmarka ligg Vangen Skistue. Thomas hugsar dei endelause vatna og dei vanvitige bakkane som møtte han på vegen frå huset på Flateby.

Men skileik og støttande foreldre hadde gjeve treåringen motivasjon til å ta fatt på dei 15 kilometrane mot Vangen.

Per og Siv Alsgaard smurde ski, fylte opp termosen og tende bål. Så kunne Thomas og kompisane hoppe og leike, time etter time.

Dette skapte skiglede og motivasjon til å ta fatt på slike langturar.

Alsgaard blir glad av å sjå born som er ute på ski saman med vaksne, men synet blir mindre og mindre vanleg.

– Skuffande sjeldan møter eg familiar på tur i helgane. Dei går kanskje eit par kilometer på ski, og så er det heim. Og det er foreldra som er avgrensinga.

– Når eg er på hyttetur, treng eg ikkje gå lenger enn eit par kilometer unna hyttefeltet før eg har løypa for meg sjølv.

Men det er knapt nokon som kan kopiere det løpet som Thomas la ut på i ung alder.

– Vi bruker ofte Kina som eit skrekkeksempel. Korleis dei blir pressa i til dømes turn, og kor mykje dei må trene frå dei er fire–fem år gamle.

– Eg gjekk mykje meir på ski enn dei turnar! Men vi kalla det leik. Turn må organiserast. Då blir det kalla trening, og då er det ikkje lov.

Thomas hadde langt fleire timar på ski enn kinesiske born har i turnhallen.

Han brukte også mykje meir tid på ski som treåring enn det han er i stand til å klare no. Og tru meg, 43-åringen bruker all tida han kan ute i sporet.

– Midt på 70-talet var eg sikkert ute tre til fem timar om dagen. I helga var eg ute heile dagen.

Mora fortel at dei av og til måtte beslaglegge skia for å ha kontroll på han.

For sjølv om Thomas ikkje kunne gå før han var 16 månader, gjekk han på ski eit halvt år seinare. Langrenn var noko han meistra frå fyrste stavtak.

Det er klubbmeisterskap i Enebakk vinteren 1975. Dei aller minste skal gå ei løype på ein kilometer. Det vil seie, dei aller minste får ikkje lov til å konkurrere.

Femårsklassen er yngste startande, Thomas er to år for ung.

Den spedbygde treåringen var sta og makta likevel å grine seg til start.

Mora gav han beskjed om å gå i roleg tempo, men Thomas plukka konkurrent for konkurrent og gjekk så naseblodet spruta.

Same mann som vann tremila under OL på Lillehammer 19 år seinare, vann einkilometeren i Enebakk.

Thomas var noko så sjeldan som ei barnestjerne som heldt fram med å skine i vaksen alder.

Sidan triumfen ute på flatbygda har han halde fram med å konkurrere. Pappa Per filma, og saman analyserte dei treningar og konkurransar på video.

Den dag i dag er Alsgaard imponert av kor fint han gjekk på ski som fem–seksåring.

Men det var verken analytisk tilnærming til sporten eller konkurransejag som var drivkrafta for å halde fram.

– Så lenge eg kan hugse, har eg hatt ein fascinasjon for å føle på ting, kjenne på ting. Teste og finne ut kva som er rett måte å gå på ski på.

– Eg fekk tidleg god skikjensle, og balanse, fordi eg starta som treåring. Den kjensla, og viljen til å eksperimentere, har eg hatt nytte av gjennom heile karrieren.

– Vi må la borna få tid og lov til å leike.

Thomas vedgår likevel at han hadde gått lei om han ikkje hadde fått lov til å konkurrere – fått lov til å måle seg mot dei beste.

– Noreg er eit spesielt land, på godt og vondt. Det er flott at vi lar alle sleppe til, men vi må heller ikkje gløyme å ta vare på dei beste.

– Vi lurer oss sjølve som foreldre når vi ikkje vil ha resultatlister i karusellrenn for born.

– Ungane er ikkje dumme. Dei forstår kven som går fortast og saktast.

Som barn hadde Thomas ingen tankar om å bli best. Motivasjonen var eiga utvikling, og difor har han aldri hatt sportslege førebilete.

Det næraste var ein Thomas Wassberg-plakat på rommet, fordi han hadde tøft skjegg – og fordi Samantha Fox trong selskap.

Den indre drivkrafta var meir enn sterk nok. Så sterk at han helst var ute til det blei mørkt.

Som fireåring blei han ein ettermiddag spurd av kompisane om han ville bli med ut for å renne på akebrett.

Frå huset kunne mamma Siv sjå at det det var liv i bakken, men utpå kvelden måtte han hentast heim.

I bakken var ingen Thomas, og mora fekk sjølvsagt panikk. Ein nabo foreslo at dei skulle gå attende til huset for å sjekke om skia hans stod der. Dei var, som Thomas, søkk vekke.

Då starta leiteaksjonen etter den pur unge skiløparen.

Dei hadde hastverk med å finne han, for ute var det mørkt – og 18 minus.

Dei fann han i skogen, men det var slett ingen forkomen fireåring som sa «hei, mamma!».

Guten hadde gått to rundar i den faste løypa på åtte kilometer og hadde ingen planar om heimreise. Han var akkurat på veg ut i den tredje.

16 kilometer skulle bli til 24 før han hadde planar om å ta kvelden.

Det blei med planen. Thomas fekk den verste straffa han kunne få. I to heile dagar blei skia, som han helst ville ha med seg i senga, beslaglagde.

– Eg la ikkje ut på desse turane for å bli god. På den tida gjekk tankane aldri i den retninga.

– Det var berre deilig å gå på ski, eg følte meg fri. Det var godt å kunne forsvinne, flyte og danse. Den kjensla driv meg den dag i dag.

– Eg har prøvd det meste frå å køyre Formel 1-bil til jagarfly. Eg har klatra, reist til dei kulaste stadene og jobba med TV.

– Men ingenting er i nærleiken av å gje meg den same fridomskjensla som det å gå på ski. Den er heilt spesiell.

– Når eg er ute på ski ein sein vinterdag, så er det ingenting anna som freistar meir av alle mogelegheiter i heile verda. Eg er fri.

Då Thomas etter mange år igjen gjekk løypa til Vangen, hadde han ei anna oppleving av turen.

Det endelause vatnet var femten stavtak, og dei forferdelege bakkane var små kneikar.

Men då var ikkje Thomas tre år. Då var han 26, og han hadde vunne tre OL-gull.

Se også
Omtale av Harald Thingnes sin ferske bok, «Den første skituren»

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • 1

    Sjur Røthe sekunder fra seier i Engadin – Anita Moen vant halvmaraton

    by SC community
    13.03.2016
  • 1

    Langrenn på TV – Program og sendetider

    by SC community
    19.12.2018
  • 1

    Skiskyting på TV – Program og sendetider

    by SC community
    06.11.2019
  • Medaljeoversikt ol
    1

    Medaljeoversikt OL Beijing 2022

    by SC community
    06.02.2022
  • 1

    Resultater, Engadin Skimarathon.

    by SC community
    12.03.2001

FlerE artikler

  • I en egen liga: Vinner med åtte bom!

    23-åringen fra Stryn må i strafferunden åtte ganger i fellesstarten på Geilo, vinner likevel med over 14 sekunder.
    av Ingeborg Scheve
    15.11.2026
  • Dominerer sesongåpningen: – Jeg er kjempefornøyd

    av Ingeborg Scheve
    15.11.2026
  • Ny skrellseier i Muonio: Ukjent 20-åring knuser stjernene

    av Ingeborg Scheve
    15.11.2026
  • Full forvirring i Muonio: Forhåndsfavoritten fikk store problemer

    av Langrenn.com
    15.11.2026
  • Påmeldingen til Dundret Runt 2027 er åpnet

    av Leandro Lutz
    15.11.2026