Vossalangrenn med snø under skia
Med skisesongen i anmarsj reiste utøverne i Vossalangrenn på tur for å finne snøen som for øyeblikket mangler på hjemmebane.
Med skisesongen i anmarsj reiste utøverne i Vossalangrenn på tur for å finne snøen som for øyeblikket mangler på hjemmebane.
Skisesongen nærmar seg og Vossalangrenn sine utøvarar har igjen fått snø under skia. På Voss har snøen kun vore høgt til fjells, så me måtte ut på tur for å finna den.
Forrige veke prøvde alle gruppene i Vossalangrenn skia igjen. Eldre junior hadde ei flott veke på Beitostølen, medan resten av juniorane var med Toppidrettslinja på Voss Gymnas på Liatoppen ved Ål.
Dei vart på fredag møtt i døra av 13-16 åringane som då inntok Liatoppen. Været og skiføret gjorde sitt til at ein del av denne samlinga måtte utøvast på Geilo.
Deler av eldre junior sesongdebuterar på Beitostølen til helga, medan andre venter til starten av desember før ein tar startnummer på brystet. Av dei yngste er det nok fleire som ventar til nærmare jol før dei debuterer.
Det har vore ein flott haust i vest der det har vorte lagt ned mykje god og kjekk trening. Rulleskiløypa, terrenget og myrene rundt Voss Ski og Tursenter har vore flittigt brukt. Og me stressar ikkje no sjølv om snøen lar venta på seg. Det er fortsatt gode barmarksforhold nede i bygda og lenge til det verkeleg brakar laus i sesongen.
Det er no nærmare 90 medlemer i Vossalangrenn frå 13 til 20 år. Aktivitetsnivået er høgt, medan ambisjonsnivået varierar. Nokre har junior-VM som målsetting medan andre berre vil ha det moro på ski.
Video frå samlinga for 13-16 år på Liatoppen/Geilo finn du på Facebook.
Video frå samlinga på Beitostølen finn du under.





