– 5 – mila i OL driver meg
Hjelmeset tenker Vancouver
I dagens Bergens Tidende avslører Odd – Bjørn Hjelmeset at han tenker på lenger en denne sesongen.
– Det som driv meg veldig, er at det er femmil klassisk i Vancouver-OL neste vinter, seier Odd-Bjørn Hjelmeset (36), til avsien.
– Men eg vil ikkje seie at «klart eg satsar på OL». Eg går til hovudet seier stopp, slår han fast.
Han skulle leggje opp etter sist OL, i Torino 2006. Men no står den evigunge klassiskspesialisten framfor ein ny skisesong. Denne helga er det opningsrenn på Beitostølen.
Høgdepunkta står i kø for langrennsfolket framover. Komande vinter er det VM i Liberec i Tsjekkia, neste vinter OL i Vancouver i Canada og vinteren etter VM på heimebane i Oslo.
Hjelmeset avviser ikkje at han får med seg alt.
– Det er hovudet som er avgrensinga. Ein må ha motivasjonen og drivkrafta til å trene. Fysisk er det ingen problem å halde på. Eg har snakka med Thomas (Alsgaard) og Bente (Skari), og begge seier at når det først seier stopp i hovudet, skjer det fort. Men begge seier også at dei gav seg for tidleg, at lysta til å gå på ski har kome tilbake, seier Fjellhug/Vereide-løparen.
Les mer: Bergens Tidende









