lørdag, des 10, 2022 Today's Paper
SC Ranking
1 Emil Persson 25,562,006
2 Ida Dahl 24,839,273
3 Andreas Nygaard 24,633,945
4 Tord Asle Gjerd... 24,584,380
5 Lina Korsgren 24,484,047
6 Oskar Kardin 24,312,698
7 Britta Johansso... 24,058,203
8 Johannes Eklöf 24,013,294
9 Max Novak 23,921,189
10 Astrid Øyre Sli... 23,754,472
11 Emilie Fleten 23,416,363
12 Morten Eide Ped... 23,402,906
13 Kasper Stadaas 23,372,337
14 Ermil Vokuev 23,155,152
15 Stian Hoelgaard 23,119,309
16 Johan Hoel 23,094,196
17 Runar Skaug Mat... 22,726,499
18 Maxim Vylegzhan... 22,671,721
19 Vetle Thyli 22,530,051
20 Herman Paus 22,492,362
21 Magnus Vesterhe... 22,299,171
22 Marcus Johansso... 21,942,740
23 Anders Aukland 21,690,765
24 Torleif Syrstad 21,609,107
25 Joar Thele 21,527,809
26 Karstein Johaug 21,461,033
27 Jiří Pliska 21,021,748
28 Torgeir Sulen H... 20,862,822
29 Eddie Edström 20,738,799
30 Gabriel Höjlind... 20,657,291
31 Stanislav Řezáč... 20,425,274
32 Axel Jutterströ... 20,170,582
33 Klas Nilsson 19,965,758
34 Nils Dahlsten 19,937,621
35 Thomas Ødegaard... 19,696,746
36 Jan Šrail 19,570,618
37 Simen Engebrets... 19,178,110
38 Bastien Poirrie... 19,138,063
39 Sofie Elebro 19,117,183
40 Mauro Brigadoi 18,992,619
41 Alexey Shemiaki... 18,653,161
42 Stian Berg 18,652,088
43 Viktor Mäenpää... 18,487,671
44 Arnaud Du Pasqu... 18,285,573
45 Aleksandr Grebe... 18,267,363
46 Dmitriy Bagrash... 18,225,082
47 Anikken Gjerde ... 18,209,193
48 Petter Soleng S... 18,089,523
49 Fabián Štoček... 17,925,232
50 Olga Tsareva 17,877,070
 
Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Arrangement Land Dato
Mobile icon Mobile icon

Debatt: Til Sveits med det nasjonale bygdedyret i hælane

Lars Steinar Ansnes har skrevet dette leserinnlegget i debatten rundt Bjørn Dæhlie og hans utflagging til Sveits:

Foto: Nils Jakobsson/Bildbyrån

Bjørn Dæhlie flytter til Sveits.

Innlegget ble først publisert på Ansnes blogg.

Bjørn Dæhlie flyttar til Sveits. Han forlet steinrøysa med det nasjonale bygdedyret halsande i hælane. På eit blunk har vår gamle skistjerne gått frå å vere nasjonalhelt til hakkekylling.

Bakteppet er altså at mange nordmenn, frå nettroll i den eine enden til profilerte aviskommentatorar og rikspolitikarar i den andre, finn det svært kritikkverdig at Bjørn Dæhlie flyttar til utlandet. Med sin formue på over 400 millionar kroner, skal han vere i Norge og «bidra». Flyttinga har blåst opp ei ekkel sky av mistenkeleggjering, avundsjuke og rein sjikane.

Til Nettavisen uttala Bjørn Dæhlie dette: «Vi flytter til Sveits fordi det er et svært spennende utgangspunkt i Europa og at rammebetingelsene totalt sett er gode. Planen er å jobbe mindre og oppleve mer, og vi gleder oss veldig.»

I og med at Dæhlie ikkje bur i Nord-Korea, høyrest dette ikkje det minste suspekt ut. Tvert om. Det er vel snarare slik at han set ord på noko som sikkert dei fleste kan gå rundt og kjenne på av og til: Ein draum om eitt eller anna. Men til forskjell frå mange andre, har Dæhlie gjennom målbevisst og suksessrikt arbeid som skiløpar og forretningsmann klart å sette seg i ein situasjon som gjer det mogleg å realisere draumen.

Eit poeng å ta med, er også at Bjørn Dæhlie i sitt snart 55-årige liv allereie har betalt inn rikeleg til den norske statskassa. Ein vanleg skattebetalar må nok bli fleire hundre år gammal for å kome opp i same bidrag til fellesskapet.

I Norge anno 2022, eit fritt land, er ikkje det tilstrekkeleg. Plutseleg stig det frå folkedjupet opp noko som liknar eit krav om flyttenekt for rike menneske. Vår tidlegare så populære grossist i OL- og VM-medaljar står tilbake som snyltar og egoist.

Vi let Raudt-politikar Marie Sneve Martinussen gje det nasjonale bygdedyret namn og ansikt. Ho uttala nyleg til ABC Nyheter: «Det virker som iveren hans etter å stikke fra skatteregningen er veldig stor. (…) Det er usympatisk å ikke ville gi noe tilbake til felleskapet når han nå er blitt veldig rik».

Stikke av frå rekninga. Smak på den.

I støyen frå hylekoret mot Bjørn Dæhlie, har det ikkje vore plass til mange motstemmer. Ei av dei få som har klart å trenge igjennom lydmuren, er den ofte prinsipielle og klårtenkte Civita-sjefen Kristin Clemet. I bloggen sin skriv ho: «Tenk at vi lever i et land der våre fremste ombud, statsråder og stortingsrepresentanter, syns de kan uttrykke så mye avsky og mistenkeliggjøring overfor en navngitt person, statsborger og medborger.

At lederskribenter og kommentatorer gjør det samme, er ikke like overraskende, men det er interessant. Man må ha veldig høye tanker om seg selv og den virksomheten man selv er en del av, for å ha mot til å uttrykke seg slik mange nå gjør om Bjørn Dæhlie».

Presist oppsummert.

Bjørn Dæhlie gjer utlending av seg. Fleire kan følge etter. Vi ser no at Dæhlie sin formue på 400 millionar gjer at han forlet Norge som svikar. Eit naturleg spørsmål å stille for andre som vurderer å flytte til eit anna land må derfor bli: Kor går grensa for å kome seg over landegrensa med æra i behald? Ein formue på 500 milionar? 300 millionar? 100 millionar? Null? Eller kanskje til og med negativ?

Mange skråsikre og fordømmande forståsegpåarar har deltatt i det offentlege ordskiftet om denne saka dei siste dagane. Vi må kunne forvente at nokon av desse har eit klårt svar å kome med. Vi kan ikkje ha ei eiga jantelov for Bjørn Dæhlie, og ei anna for resten av den økonomiske eliten.

Mest lest
Bli medlem nå