En bakstrevers bekjennelse

av SC community • 06.03.2001
VM i Lahti gav oss de første sprintmedaljer utdelt i internasjonale mesterskap. På onsdag avholdes sesongens siste WC-renn i sprint i Holmenkollen. Gudmund Skjeldal gjør seg i denne artikkelen noen betraktninger da sprinten inntok langrennssporten – på godt og vondt…

VM i Lahti gav oss de første sprintmedaljer utdelt i internasjonale mesterskap. På onsdag avholdes sesongens siste WC-renn i sprint i Holmenkollen. Gudmund Skjeldal gjør seg i denne artikkelen noen betraktninger da sprinten inntok langrennssporten – på godt og vondt…

En bakstrevers bekjennelse

Eg var mellom dei som var i mot sprint i langrenn. Eg meinte det var å skjemma ut nasjonalsporten vår. Men etter suksessen sprinten gjorde i Lahti innser eg at eg ikkje forstod. Tormod Haugstad (Dagbladet) var mellom dei elleville 40.000 tilskodarane, og skreiv etterpå: ”langrennssportens mest bakstreverske bør heretter holde kjeft.” Eg skal det. Men før det må eg få bekjenna synda mi.

Eg meinte sprint var noko vas. Men etter den opplevinga Frode Nakkim (VG) fortel om – av trykk, av leven, av intens glede på skistadion – denne onsdagskvelden i Lahti, innser eg at eg har vore på avvegar. ”Jeg får vondt i magen”, skreiv Nakkim dagen etter, ”når jeg tenker på at dette har Norge kjempet i mot”. Eg er lei meg for det. Eg skal aldri gjera det meir.

På villspor
Eg gjekk meg vill i skogane. Det er slik det må ha skjedd. Eg likte å gå i skogsløypene sjølv, og så trudde eg at langrenn høyrde til der, mellom snøtunge grantre. Eg tenkte ikkje anna enn at langrennsløparar skulle forsvinna ut dit, til einsemda, til slitet. Og så skulle me tilskodarane venta i mens. Ja, eg ville det skulle vera slik. Eg ser at det er latterleg. Kva meining er det i at skiløparane skal streva slik for seg sjølv? Og kvifor i all verda skal eg sitja og venta ved fjernsynet, eller inne på stadion? Det er jo ingen andre stader i verda dei gjer det.

Amerikanarane
Dag Vidar Hanstad – sportskommentatoren i Aftenposten –var mellom dei som forstod. Han forstod at FIS måtte gjera noko. Skiskyting hadde klart å bli den mest populære vinteridretten på TV i Tyskland etter endringane dei har gjort, skreiv han like for jol, medan langrenn risikerte å bli ein idrett for spesielt interesserte. Difor gledde han seg over at sprint var med i verdscupen, i Brusson. Endeleg kunne langrenn by på show og moro. Og no etter VM-sprinten uttrykte han seg slik: ”Nå har man lagt et gullegg, og det må benyttes for det det er verdt. Ikke minst når vi ser ett år fremover, og OL-ilden skal tennes i Salt Lake City. Endelig har langrenn noe som kan vekke amerikanernes interesse.”

Det var dette eg ikkje såg. Eg har ikkje villa sett i augo at amerikanarar heller ser på ein vegg der maling tørkar, enn ei femmil på gamle måten. På vår måte. Eg bed om tilgjeving for at eg var så sær, for at eg ville ting skulle vera som dei hadde vore.

Sjukt
For det er sjukt, å tvihalda i dei tinga ein hadde i barndommen. Frode Nakkim er inne på det: ”Jeg vokste opp med å skrive rundetider foran TV-skjermen. Det begynte vel i 1972, da Vedenin vant tremila foran Tyldum i Sapporo. Etterpå løp vi ut i skogen og lekte at vi var Tyldum, Formo, eller Brå. Men det tok slutt.” ”Det tok slutt.” Eg forstod ikkje det, at ting tar slutt. Nyttar ikkje å bremsa utviklinga, nyttar like lite som å bremsa ei elv med fingrane. Nei, slikt er faktisk sjukleg. Det er sjukleg å få ein ting kjær, og knytta seg til han.

Eg vasa for lenge i skogane. Eg langa ut, og kjente ei sitring i kroppen når eg suste forbi Blankvannsbråten, eller når eg strekte ut diagonaltaka i bakkane opp mot Skjennungen og Marimyr. Eg tenkte at langt renn var noko stolt, at dei var tapre, dei som gjekk femmil. Eg las bøker, og fekk syn for kva nasjonal øving det er, å langa ut å ski. Ja, eg har stundom sett for meg at femmila er Ventinga på ny; den gongen på Nansen som fòr ut i isøydet, no på Erling Jevne som snart må komma på posten her…

Sanne augo
Eg tenkte at dette var spenning nok. Eg trudde det var rett å vera spesielt interessert. Eg las Erling Indreeide som meiner ein bør mistru den som ikkje er nostalgisk. Men eg ser no at dette er tøv. At dette er nisseluva nedover augo, nasjonalt vås, eit forsøk på å forherleggjera slitet og snøen og kulda. Det er eit tåpeleg forsøk på å gjera det til noko positivt, at me bur så sørgeleg avsides til, her oppunder isen. Eigentleg ønskjer me alle, at me budde i California.

Eg trudde at langrenn var noko meir enn snow-business. Eg innbilte meg at denne idretten ikkje var ein kamp om tilskodartala i Munchen, og New York. Så gammaldags kan ein vera. Så bakstreversk at andre får vondt av det. Men eg vil ikkje vera slik lenger. Eg òg vil vera dynamisk og framtidsretta. Eg vil ikkje vera norsk.

I dag går femmila i VM. Eg skal prøva å sjå henne med nye augo, med sanne augo. Eg skal sjå henne som den tvers i gjennom trauste og kjedelege pinsla ho er. Eg skal prøva å sjå for meg reklamepausane mellom kvar viktig passering. For det er vel slik dei vil ha det i Amerika?

Show sharing buttons

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Mest lest

  • Lars Heggen Ansgar Evensen NM 2026 Amanda Sotberg
    1

    Trekker seg fra verdenscupen, reiser hjem tvert

    by langrenn.com
    21.01.2026
  • 1

    Skistjernen er forsvunnet: – Alle er livredde

    by Ingeborg Scheve
    20.01.2026
  • Erik Valnes of the Norwegian national cross-country skiing team at a press meet during day 3 of Tour de Ski on December 30, 2025 in Cavalese. Photo: Maxim Thoré / BILDBYRÅN
    1

    Valnes med klar melding: – Vi trenger han i OL

    by Ingeborg Scheve
    19.01.2026
  • 1

    – Føler at jeg har stjålet en OL-plass

    by Ingeborg Scheve
    21.01.2026
  • Foto: Jon Olav Nesvold / BILDBYRÅN /
    1

    Hedegart vant igjen

    by langrenn.com
    11.04.2026

FlerE artikler

  • Norsk langrennsstjerne legger opp, hylles av verdenseliten

    Skistjernen har bestemt seg for å sette strek, legger opp verdenscupkarrieren med blandede følelser.
    av Ingeborg Scheve
    08.05.2026
  • Aksjonerte mot Skiforbundet: «Langrennsmafia. Tvangslandslaget»

    av Langrenn.com
    08.05.2026
  • Headhuntet til toppstilling

    av Ingeborg Scheve
    08.05.2026
  • Er dette Norges neste svar på Frida Karlsson?

    av Kjell-Erik Kristiansen
    08.05.2026
  • Skred av skistjerner løper Holmenkollstafetten

    av Ingeborg Scheve
    07.05.2026