Terminlister & Resultater
CHECK COMPETITIONS
Vil du lede og utvikle en videregående skole og et skigymnas?
Nå skal Agder ansette en daglig leder med ansvar for både Hovden skigymnas og Setesdal vidaregåande skule avdeling Hovden.
Som avdelingsleder/dagleg leder for Hovden skigymnas og Setesdal vidaregåande skule avdeling Hovden jobber du med toppidrett og skoleutvikling til det beste for Agder og lokalmiljøet.
Den tilsette vil ha det overordna ansvaret for drift, utvikling og samhandling mellom dei to organisasjonane Setesdal vgs og Hovden skigymnas AS. Den som blir tilsett, blir både 50 prosent avdelingsleiar ved skulen og 50 prosentdagleg leiar ved Hovden skigymnas AS.
Setesdal vidaregåande skule har avdelingar på Hovden, Valle og Hornnes. Skuleavdelinga på Hovden har 11 årsverk. Visjonen vår er: «Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald». Avdeling Hovden har utdanningstilbod innanfor studiespesialisering kombinert med eit programfag frå idrettsfagleg programområde. Idrettsfaga blir gjennomførte i tett samarbeid med Hovden skigymnas AS.
Hovden skigymnas AS, med sju årsverk, har ansvaret for idrettsdelen av tilbodet innan langrenn og freeski/snowboard. Dette er landslinjetilbod ved skulen. Hovden skigymnas har som mål å vere det beste skigymnaset i Noreg. I tillegg har vi tilbodet Flyt, eit breiddetilbod for friluftsliv i fjell, på vatn og i villmark. Vi har også treningstilbod utanom skuletid, og dei fleste elevane bur på hybelbygg.
Les også:
Stafett-norgesmestrene 2023: – Vi har de beste treningsforholdene
Teksten fortsetter under
Arbeidsoppgåver
- Sikre kvalitet og kontinuerlig forbetring av tenestetilboda. Følgje opp satsingsområda til organisasjonane.
- Personal, budsjett- og økonomiansvar.
- Administrativt ansvar for hybelbygg inntil vidare. Ansvaret for hybeldriften er under utgreiing.
- Fremje samarbeid internt og eksternt. Eksterne partar er kommunen, næringsliv, Olympiatoppen, skikretsen m.fl.
- Leggje til rette for faglig og personleg utvikling hos medarbeidarane.
- Leie og motivere team av ulike menneske ved å skape eit godt arbeidsmiljø, fremje samarbeid og kommunikasjon, anerkjenne og belønne innsats og prestasjonar, og ta vare på medarbeidarane si helse og trivsel.
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning og/eller undervisningskompetanse (PPU), gjerne også vidareutdanning innan leiing.
- Erfaring frå leiing, gjerne skuleleiing, med økonomi- og personalansvar.
- Kompetanse og erfaring frå idrettsadministrasjon.
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg leiar, som er god på samarbeid og kommunikasjon med medarbeidarar, elevar og føresette.
- Gode relasjonsevner: empatisk, lyttande og støttande.
- Opptatt av gode løysingar, vere resultat- og ansvarsbevisst.
- Evne til å inspirere, motivere og rettleie andre mot eit felles mål.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Vere nysgjerrig, open og endringsvillig.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som har fokus på tillit, mestring og samarbeid.
- Triveleg tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Mogelegheit til å vere med og vidareutvikle ein sentral institusjon i kommunen.
- Gode moglegheiter for friluftsliv.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God pensjonsordning.
For meir informasjon om pensjon og øvrige gode i Agder fylkeskommune, sjå den nye nettsida vår: Jobb hos oss .
Søk på stillingen HER
Nøkkelfakta
Om arbeidsgiveren
Agder fylkeskommune har over 3 000 ansatte som arbeider med videregående opplæring, høyere yrkesfaglig utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesveger, kollektivtransport, kultur og en rekke andre fagfelt. Sammen skal vi utvikle Agder til en miljømessig, sosialt og økonomisk bærekraftig region i 2030. Les mer HER
I henhold til offentlighetslovens paragraf 25. gjør vi oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli gjort offentlig, selv om søkeren har bedt om unntak fra offentlighet.
Søk på stillingen HER
Link til jobbannonse HER